Det pågåande prosjektet på Storhaug ynskjer å få etablert ein 4H-klubb, Haugen 4H, i byrjinga av 2022. Målet er at klubben skal vera sjølvgåande med medlemmar som sit i styret og frivillige vaksne som er med som rettleiarar. Det er nemleg slik at i 4H er alt medlemsstyrt. Barn og unge kan sjølv bestemma kva dei ynskjer å gjer, og det er barn og unge som former eit styre.
Klubben er avhengig av at det er nokre frivillige vaksne med som klubbrådgjevarar, som er med å held eit overblikk og passer på at ting blir gjort. Har du lyst å vera med, så ta gjerne kontakt med Hege på 48177935.
Når ein tilhøyrar ein 4H klubb har ein i løpet av eit år eit prosjekt som ein gjer åleine eller i lag med andre. Tema på prosjektet vel ein sjølv ut frå kva ein sjølv syntest er interessant. Her skal ein gjennomføra nokre oppdrag i løpet av året, og det er òg spesielt her ein opplever det «å læra ved å gjera». Oppdraga finnast i https://4h.no/oppdragsbanken/.

Me har klubbkveldar onsdagar i oddetallsveker frå 18.00 til 20.00. Kor me er, varierar etter kva aktivitet me skal ha.
Me har mange kjekke planar til aktivitetar både ute og inne til våren, der me for eksempel vil gå på skøyter, lage mat på bål, besøkja ein gard, og kanskje me gjer noko redesign? Det kjekkaste er jo om dei som deltek kjem med eigne forslag til kva aktivitetar me skal gjer framover.
Alle er velkommen til å vera med på aktivitetane våre, og håper at flest mogleg vil vera med i klubben vår fast.
Framover vil arrangementa vera på forskjellege stader på Storhaug, der me til no har vore i dei nye gapahukane i Emmaus og på Midjord Bydelshus. Me har vore i dialog med Stavanger kommune om å vera ein del av Rasmus Risas Gate 33 viss huset der vert pussa opp og gjort til eit frivilligheitshus. Planen er at når klubben vert etablert vil ein ha ein fast møteplass.
4H er ein organisasjon for barn og unge mellom 10 og 25, der me på Storhaug har hovudvekt på å rekruttera barn og unge mellom 10 og 18 år. Organisasjonen er ein plass der ein har moglegheit til å utvikla seg sjølv og på same tid vera saman med andre. Det stillast ingen krav for å bli medlem. Gjennom mottoet "læra ved å gjera" arbeider me aktivt for at barn og unge skal oppleva meistring. Målet er å utvikla ungdom til å forstå samanhengar mellom natur og menneske, og til å bli aktive og engasjerte samfunnsmenneske. Dei fire H-ane står for klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse og er noko ein alltid arbeidar mot i 4H.
Gjennom 4H møter ein mange nye barn og unge, både medlemmar i eigen klubb, men òg andre medlemmer frå heile landet. 4H arrangerer nemleg leirar og andre arrangement som fylkesleir, storkurs og landsleir.