
Lyst til å vere vaksenleiar på leir? Frå fylket vårt deltar om lag 60 medlemmer i alderen 14-26.
Fylket organiserer felles transport til/frå leiren og rekrutterer vaksenleiarar. Hovudleiar er på toppen, mens resten av leiargruppa er kontakt for 10 deltakarar kvar. Eventuelle medfølgarar av deltakarar med ekstra behov kjem i tillegg.
Med grunnlag i registreringsskjemaet under, set fylkesstyret saman den beste leiargruppa. Du vil få tilbakemelding frå 4H-kontoret så snart avgjersla er tatt.
Frist for å melde interesse for å ver vaksenleiar er 2. mars.
Som vaksenleiar er det sjølvsagt fylket som betaler både leir og transport.