Ein draumeplass er ein naturmøteplass skapt av engasjement og motivasjon hos born, unge og vaksne i lokalsamfunnet. Naturmøteplassane er lokale arenaer for natur- og miljøaktivitetar. Dei er opne, tilgjengelege og familievenlege, og er ein fysisk møtestad ved sjøen, på fjellet, i skogen eller på opparbeidde friluftsområde i nærmiljøet. Mange av naturmøteplassane er universelt tilrettelagt og rettar seg mot eit breit publikum.

Naturmøteplass er eit omgrep som for alvor blei vanleg i 4H etter det nasjonale prosjektet "Miljøløftet i 4H". Gjennom dette prosjektet kunne 4H-klubbar over heile landet søke om støtte til mellom anna å bygge naturmøteplass. 

Det oppstod eit behov for faglege ressursar retta mot etablering, bruk og vedlikehald av plassane, og 4H Sogn og Fjordane følgde opp med prosjektet "Møteplass naturen" og nettsida naturmoteplass.no

Ein såg nå potensialet for å auka kompetanse, motivasjonen og synleggjere verdiane til 4H gjennom å lyse ut ein konkurranse om å vinne 100 000 kr til bygging av ein naturmøteplass. Med Gjensidigestiftelsen med på laget starta 4H Sogn og Fjordane i 2008 opp prosjektet "Draumeplassen". Etter dette har fleire 4H-fylker adoptert prosjektideen.  

4H Sogn og Fjordane set no prosjektet Draumeplassen på pause. Dersom finansiering kjem på plass, vil ny konkurranse lysast ut hausten 2021.

Vi vil ta kontakt med alle lokale Draumeplass-vinnarar som framleis er i byggeprosess hausten 2020.