For at Haustfesten skal gå greitt er det ein del brikker som skal falle på plass. Vi håpar at desse tipsa kan hjelpe dykk slik at de får ein vellukka fest.

Det som står her passar nødvendigvis ikkje for alle 4H-klubbane, det viktigaste er at de finn dykkar eigen måte å gjere det på og som passar for dykk, men likevel håpar vi at alle kan finne svar på spørsmål om, og inspirasjon til Haustfesten.

Uansett: Godt planlagt er halvt gjennomført. LUKKE TIL!

Planlegging av festen
Styret og klubbrådgjevarane bør i god tid før festen diskutere og planleggje korleis haustfesten skal gjennomførast.

  • Kvar skal festen være?
  • Kven skal vere med på festen?
  • Kor skal utstillingane væra?
  • Kva skal vi servere?
  • Kven har ansvar for kva?
  • Kven lager invitasjon? Tar imot påmeldingar?

Hugs at det er heile 4H-klubben sin fest, alle må få lov å gjere noko, og alle har plikt til å ta eit tak. Lag grupper som har ansvar for kvar sine ting, t.d. utstilling, mat, underhaldning, loddsal, borddekking og rydding.

Klubbrådgjevaren si rolle er å få ting til å gå, ikkje gjere arbeidet sjølv.

I god tid før haustfesten er det viktig å sjå om alle medlemmane og 4H-prosjekta  er registrert i prosjektplattforma. Meld evt inn dei medlemmane som manglar, eller minn utmelde medlemmar om å betale medlemskontingenten slik at dei kan vere med på haustfesten og få godkjent 4H-året.

Når skal festen vere?

Saman med årsplan leverte alle klubbar inn datoen for haustfest 2024. Dersom datoen er endra, melder de frå til 4H-kontoret om dette på mail til 4hbuskerud@4h.no .

Her står 4H-klubben nokså fritt. Haustfesten bør gjennomførast innan oktober, må vere gjennomført før klubben har årsmøte – og årsmøtet må ein ha innan 1. desember. Fristen for innsending av årsmelding, rekneskap og oppdatering av styreverv er også 1. desember.


Kvar skal festen vere?
Haustfesten treng absolutt ikkje vere på Grendahuset eller skulen. Andre forslag til kor haustfesten kan gjennomførast:

  • På naturmøteplassen
  • I idrettshallen
  • På skuleplassen / skulen

Inne er det enkelt med stoler, bord, scene, kjøkken og ikkje minst, det er tørt og varmt.

Det kan vera kjekt å ha haustfesten ute. Her er det mykje plass til aktivitet, og matserveringa kan gjerast enklare, eks mat på bål. Gjestane kan sjølve vera med å skape aktiviteten på haustfesten ved å delta på tilrettelagde aktivitetar. Det kan til dømes vere natursti, lage bålmat, knyte knutar osv.

Nokre utfordringar finst sjølvsagt, den største er kanskje veret. Dersom det er dårleg ver må ein ordne seg med noko tak over prosjektutstillingar og servering. Folk er flinke til å kle seg, og dei som vil vere med kjem uansett ver.

Har de høve til det kan det vere kjekt å kombinere ute og inne. Då kan utstillinga av prosjektet vere inne, medan det andre kan vere ute.


Kven skal vere med på festen?
Haustfesten er først og fremst medlemmane sin fest. Haustfesten markerer slutten på 4H-året. 4H-klubben bestemmer sjølv kor mange dei eventuelt vil/kan invitera, om dykk set ei begrensning per medlem eller alle som vil kan delta.

Påmelding?
Påmelding kan væra lurt å ha, for å vita kor mykje mat ein skal laga til og kor mange plasser ein treng.  Mange klubbar brukar Spond til påmelding.

Er det nokre personar klubben bør invitera?

  • Nokre klubbar har medlemmer med Æres-diplom fra 4H sentralt, andre har eigne æresmedlemmer
  • Ordførar
  • Samarbeidspartnarar; Bygdekvinnelag, bondelag, sparebanken m/ fleire

Dersom utstillinga står inne, og de har høve til å la den stå ei stund kan de invitere foreldre og andre interesserte til å komme å sjå til ulike tidspunkt.

Presse
Ta kontakt med lokalavisene. Få dei til å koma.
Dersom dei ikkje kan koma, bør det vera nokon som tar ansvar for å ta bilete og senda pressemelding/referat til avisene, t.d. dei med informasjonsoppgåva.


Sosiale media
Det er kjekt å sjå bilete frå haustfesten dykkar i sosiale media både for dei som deltek, og for dei som ikkje har anledning å delta.

 

Underhaldning
Dette er ein viktig del av festen og av 4H-arbeidet. Planlegg i god tid. Små sketsjar, musikk-innslag, kahoot, dans eller bingo kan høve som underhaldning.
Eit godt tips kan vere å bruke 4H-prosjekta som ein del av underhaldninga. Medlemmar med friluftsliv kan vise bilete og fortelje frå nokre turar, dei med matstell organiserer pinnebrød på bålpanna, dei med 4H fotografen kjem med tips til korleis ein skal ta betre bilete. Dette kan de også gjere ved å ha ulike «postar» som gjestene besøkjer.

 

Støtte til Underhaldningsarbeid
Det er også råd å organisere underhaldningsarbeidet til Haustfesten som ein studiering og få stønad til det. For å ha ein studiering må minst 4 stykke som fyller 14 år i løpet av året fullføre. Kurset må minst vere på 4 timar. Søknaden sender de på www.naturogmiljo.no/. Gå inn på søknad om tilskot på menyen på venstre sida og fyll ut skjemaet. Studieplannummeret er 1217, Revy – ekstremsport for pyser. Tilskotet er kr 100,- pr time.

Loddsal
Mange 4H-klubbar brukar Haustfesten som eit høve til å skaffe klubben pengar til aktiviteten sin. 

Matservering
Det er veldig stor variasjon i kva klubbane serverer på ein haustfest. Eks. påsmurte rundstykker/brød, kaker/boller, suppe, middag, mat på bål mm.


Godkjent 4H-år
Deltaking i klubbarbeidet:
Hovudregelen er at alle må vere på minst 50% av møta og tilstellingane i klubben for å få deltakinga i klubbarbeidet godkjent.

Medlemmar kan søkje om møtefritak.
 

Gode tips til både melemmer og Klubbrådgivere om ferdigstiling av prosjekt.
Dette er det første året i det nye 4H-løpet. Derfor har vi lagt ei oversikt over smarte handlingar for 4H-medlemar og klubbrådgjevarar på denne tida av året. Ta en kikk HER og få med deg alle de gode tipsene både for deg som medlem og som klubbrådgiver.


Nye årspins – sjekk gjerne ut her for meir informasjon 4H-løpet - 4h
Klubben må sjølv bestille pins og plakettnåler som medlemmene skal få utdelt på haustfesten i nettbutikken.

Plakettmottakare i klubben?
Årets plakettmottakere vil bli invitert på Plakettfest i 4H Buskerud 15.februar 2025 sammen med sine foresatte. Det er kontoret som bestiller plaketter og skriver ut vitnemål.

Prosjektet skal være ferdig og godkjent av klubbrådgiver i prosjektplattformen senest 1.oktober. Fyrst da blir prosjektet overført til medlemsregisteret – og vi kan ta ut vitnemål med informasjon om alle verv og prosjekter.


Etter haustfesten:

Hugs å registrere prosjektplattforma:

  • Alle prosjekt må godkjennast i prosjektplattforma, slik at dei blir overført til medlemsregisteret
     
  • Medlemmer som brukte prosjekthefta Aspirant eller Fritt val må registrerast i prosjektplattformen. Det må leggast inn tilleggsopplysningar om kva prosjekt ein har hatt T.d. katt, hund, fotball, baking

    sjekk gjerne 4H-løpet - 4h for mer detaljer


Vi i 4H Buskerud blir svært glade dersom de melder tilbake til oss korleis haustfesten var.

  • Korleis hadde dykk det på Haustfesten i år?
  • Legg gjerne med nokre bilete som vi kan publisere.

Send på e-post til 4hbuskerud@4h.no.

 

Lukke til med årets haustfest!

 

Gjer det kjekt for 4H-medlemmene, hald det enkelt og ver raus!