Planlagt nattvolleyballturnering på Eid er dessverre avlyst. Men vi ynskjer å halde på aktiviteten, og håpar de i 4H-klubbane tek denne utfordringa.

Lag ein lokal volleyballaktivitet, enten i klubben eller inviter nabolaget ditt. Del gjerne bilete frå aktiviteten i sosiale medie. Gjerne på Instagram / Facebook med #4hsfj #vier4h eller på Snapchat og TikTok, og send det inn til 4H-kontoret.

Alle 4H-klubbar som deltek får ein volleyball i premie 

For å få premie må du sende bilete av aktiviteten til 4H-kontoret.

Fristen for innsending er 1. juni og du sender til sfj@4h.no