Kva er eit styrevervskurs?

• Styrekurs for alle som sit i styret i 4H-klubben

• Opplæring for årsmøterepresentant.

 

Arrangør:  4H HordalandStad: Vi

Sted: Digitalt

Pris: Fellespris for klubb

Informasjon: Alle som melder seg på får tilsendt informasjon og årsmøtepapir på mail. 

 

Påmelding: Trykk på den grøne Påmeldingsknappen øverst på siden/ under bilete. Påmeldingsfrist er 21. januar.

Du skal kun melde deg på eitt (1) kurs. Husk å trykke på Faktureringsknappen heilt til slutt. Ein mail kjem til deg med ein gong som viser at du er påmeldt. Klubben betalar kurset.

Påmeldingsfrist: Bindande påmelding.

Manglar passord? Om du manglar passord, kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å leggje adressa inn for deg.

 


Meir informasjon om superhelga blir sendt på e-post til den enkelte deltakar 2 veker før kursstart. Informasjonen blir òg lagt ut på www.4h.no/hordaland. 

Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. Du finn kontaktinfo på heimesida vår.


Kurs:

Leiar/nestleiarkurs:  Vi deler inn etter erfaring. Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserarkurs: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Skrivarkurs: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Styremedlemskurs: Styremedlemer bør kunne litt av alle ting i styret.

Årsmøteseminar nybyrjarar og Årsmøteseminar vidarekomne

For deg som er over 14 år, som har delteke på styrekurs før.

Kva meinar du er viktig for 4H Hordaland dei neste to åra? Bli med og bestem! Det blir gjennomgang av årsmøtepapira og reglar for gjennomføring av årsmøte. Korleis stemma, korleis ta ordet og korleis kome med framlegg til endringar. Det her seminaret passer for dei som har stemmerett eller som allereie har vore på sitt styrevervskurs.

I år blir det to årsmøteseminar, eit for dei som ikkje har vore så mykje på årsmøte før og vil ha ein enkel gjennomgang av papira og korleis ein ter seg på årsmøtet. Det andre blir for dei som har vore på fleire årsmøte, og vil bruke tida på å dykke djupt ned i årsmøtepapira.