4H har bursdag 4. mai og dette må vi feire.

Bli med på å sove under open himmel. 

Sov ute i hagen, på stranda, på fjellet eller i skogen!

Er det dårleg vér? Rigg deg til med teppe og lys på balkongen og ta med deg familie og vener!

Del gjerne bilete frå aktiviteten i sosiale medie. Gjerne på Instagram / Facebook med #4hsfj #vier4h eller på Snapchat eller TikTok, og send det inn til 4H-kontoret.

Alle som deltek får ein premie frå 4H Sogn og Fjordane. I tillegg til dei individuelle premiane trekk vi ut tre 4H-klubbar som får ein større klubbpremie! 

Så få med deg heile klubben på ei natt under open himmel!

 

For at du skal få premie må du sende inn bilete til 4H-kontoret. Send til sfj@4h.no