Bli med på å sove under open himmel; aleine eller med familien, i hagen eller i skogen, i hengekøye eller på bakken, i nord og i sør, liten og stor! 

Det heile skjer laurdag 1. mai - natt til 2. mai!

I 2021 kan feiringa bli annleis, men 4H-dagen skal likevel markerast med å lage gode og minnerike opplevingar- truleg kvar for oss eller i mindre grupper- men likevel som ein del av eit større fellesskap.

Dette er 10. året på rad 4H-ere søv under open himmel. 

Meir informasjon kjem.                                                                                                                                            I 4H er det bestemt at vi skal følgje myndigheita sine koronaråd.