Trivselsagent er eit 4H-prosjekt er for seniorar mellom 16 og 18 år. Det vert to samlingar, den første er 5.- 7. mars, og den andre 26.-28. mars.

Bli med på eit spennande 4H-prosjekt der du får vere saman med andre kjekke 4H-arar, lære nyttige ting og verte ein endå betre 4H-ar.I mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.

•             Eit 4H-prosjekt for å skape meir trivsel i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane
•             Eit 4H-prosjekt der medlemmen kan utvikle seg sjølve saman med andre
•             Eit 4H-prosjekt som ikkje er lik andre 4H-prosjekt

Trivselsagent som 4H-prosjekt er for seniorar fødd 2006 eller tidlegare. 

Det kostar 500,- kr. for å vere med. Dette dekker mat og opphald på to samlingar. Deltakarane kan søkje klubben om støtte til dette. I tillegg må trivselsagentane betale reisa til samlingane, og det vert høve til å kjøpe trivselsagentgenseren.

Trivselsagentkoordinatorar i 2021 er Kristin Eineteig, Guro Ø. Henriksbø og Mathilde Tjønneland.Ta kontakt med 4H-kontoret for å melde for å få meir informasjon.
Tlf. 960 96 782 E-post: 
hilde.svaeren@4h.no