Trivselsagent er eit 4H-prosjekt er for seniorar mellom 16 og 18 år. Det vert to samlingar, den første er 16.-18. april, og den andre er 4.-6. juni (merk: nye datoar)

 

Trivselsagentane si hovudoppgåve er å skape trivsel i 4H, både på ulike arrangement og i eigen klubb. Litt av det du lærer er korleis du kan vere eit godt førebilete for andre, og kva som er gode trivselstiltak. Samtidig blir du endå betre kjend med deg sjølv.

Saman med oppgåva møter ein gjennom to samlingar resten av trivselsagentane i fylket, og knytter med dei sterke og djupe vennskap som varer livet ut. Mellom samlingane, og etterpå, er det lagt opp til at du skal arbeide med prosjektet i 4H-klubben din og på fylkesarrangement.

Bli ein endå betre 4Har, vel trivselsagent som prosjekt!

 


•             Eit 4H-prosjekt for å skape meir trivsel i 4H-klubben og i 4H Sogn og Fjordane
•             Eit 4H-prosjekt der medlemmen kan utvikle seg sjølve saman med andre
•             Eit 4H-prosjekt som ikkje er lik andre 4H-prosjekt

Trivselsagent som 4H-prosjekt er for seniorar fødd 2006 eller tidlegare. 

 

Det kostar 500,- kr. for å vere med. Dette dekker mat og opphald på to samlingar. Deltakarane kan søkje klubben om støtte til dette. I tillegg må trivselsagentane betale reisa til samlingane, og det vert høve til å kjøpe trivselsagentgenseren.

Trivselsagentkoordinatorar i 2021 er Kristin Eineteig, Guro Ø. Henriksbø og Mathilde Tjønneland.Ta kontakt med 4H-kontoret for påmelding og for å få meir informasjon.
Tlf. 960 96 782 E-post: sfj@4h.no