KORONAOPPDATERING

For å trygge oss i høve korona har vi valt å gjennomføre styrekurset på ein dag. 

Det er bindande påmelding til arrangementet. Unntak fra regelen: 

1) Du kan vise til legeerklæring som dokumenterar at du ikkje kan delta.
2) Du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene på grunn av covid-19, og må difor halde deg hjemme.

Gi beskjed om at du ikkje kjem. Send sms til Ingvill: 90 80 27 03.


Melder du deg på Superhelga får du opplæring i styrevervet ditt. I tillegg får du lære meir om kva som skal skje under årsmøtet på søndagen. Årsmøtet er del av styrekursopplæringa, slik at du blir godt kjent med den viktigaste demokratiarenaen i organisasjonen. Superhelga vert på Naustdal skule, der vi har kurs og har artige aktivitetar i lag.

Fylkesårsmøtet på søndagen er på Thon Hotel jølster. Årsmøtet er også ope for klubbar eller medlems-organisasjonar som ikkje er med på Superhelga.

Praktisk informasjon:
Pris:
Superhelg: kr 500,- per deltakar.
Fylkesårsmøte: Er inkludert i prisen for superhelga. Dei som berre deltek på årsmøtet betalar kr 350,-. Dersom du berre deltek på styrekurset betalar du kr 350,-.
Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. Berre avmelding grunna sjukdom blir refundert.
Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida www.4h.no/sognogfjordane. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Merk: Hugs å melde deg på det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, ny i klubbstyret, ringrev eller friluftshelt).
Legg også inn ev. allergiar, sjukdomar e.l. Du er automatisk påmeldt fylkesårsmøtet om du ikkje har gjeve melding om noko anna.
Manglar passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
Påmeldingsfrist: Innan 6. februar

Meir informasjon: om superhelga vert sendt på e-post til den enkelte deltakar 2 veker før kursstart. Informasjonen vert òg lagt ut på www.4h.no/sogn-og-fjordane.
Har du spørsmål, kontakt 4H-kontoret. 

Styrekurs
Vi har heile 7 ulike kurstilbod for deg som skal på superhelg:
Ny i klubbstyret: For deg som er fersk i styret i klubben. Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar. Hovudsakleg for deg mellom 10 og 13 år som ikkje har vore i eit styre før, eller som har lite erfaring med styrearbeid
Leiar / nestleiar: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som leiar og nestleiar i klubben har, og skal mellom anna lære å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid og om det å ta ordet. I tillegg vert det litt om morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.
Kasserar: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som kasseraren i klubben har, og skal mellom anna lære å føre rekneskap og kassabok for klubben, lære om budsjett, og litt om andre viktige ting for økonomien til klubben.
Sekretær: Her får du innføring i arbeidsoppgåvene som sekretæren i klubben har, og skal mellom anna lære å skrive referat og halde styr på møteboka, lære om informasjonsarbeid og anna styrearbeid.
Ringrev: For deg som er over 15 år, som har delteke på styrekurs før og vil lære meir om korleis skape aktivitet i klubben. Det vert stort fokus på trivsel under dette kurset!
Friluftshelt: For deg som vil lære meir om friluftsaktivitet i klubben din og leggje til rette for at 4H-klubben kan ha meir aktivitet ute.
Kaffikurs for vaksne: Dette kurset utgår, og vert erstatta med Inspirasjonsdag for vaksne.
 

PS! Det er mange som skal delta både på styrekurs og fylkesårsmøtet så eit tips til dei som har lang reiseveg er å booke overnatting på strekninga frå Naustdal til Skei :)

  • Thon Hotel Førde og Thon Hotel Jølster gir oss gode tilbod. 
    • Høyr med dei og gi beskjed at det gjeld overnatting for 4H i høve fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane.
  • Jølster Camping
  • Øvrebø Hytter
  • Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 

PROGRAM 

Laurdag 12. februar
10:45     Oppmøte, registrering og gå til kurs
11:00     Kursstart
14:00     Lunsj
15:00     Kursa held fram
18:00     Avslutning og vel heim 
 

Søndag 13. februar    
Årsmøte på Thon Hotel Jølster
10:00     Registrering    
11:00     Opning av årsmøtet    
12:30     Lunsj    
13:30     Årsmøte held fram    
15:00     Årsmøtet vert heva