Storkurs vert i år halde på Vassenden Skule som alltid, men årets program og innhald vert prega av at vi skal ha Landsleir 2022!

Fredag skal vi få møte hovudkomiteen i form av eit meet n’ greet og vi skal bli kjende med kvarandre saman med årets trivselsagentar. Laurdagskveld skal vi tilbake til 70-talet, med mykje spennande innhald. Sundag før heimreise vil hovudkomiteen ha ein morosam aktivitet med deltakarane før vi takkar for i år.

Alle deltakarane må ha ein vaksen kontaktperson som er til stades på kurset. Dersom det ikkje er nokon frå eigen klubb som kan vere der, går det an å avtale med vaksenleiaren frå til dømes naboklubben. Vaksenleiaren kan gjerne delta på vaksenleiarkurs der blir det erfaringsutveksling og høve til å stille spørsmål om arbeidet i 4H-klubben.

Her er kurstilboda:

Meld deg på, men ver rask! Nokre av kursa har avgrensa antal deltakarar.


Friluftslivskurs
Bli med å oppleve ulike måtar å vere ute på - og nyte og nytte naturen. Friluftshelten til 4H Sogn og Fjordane lærer dykk om kart og kompass, allemannsretten og korleis lage mat på bål. Ta med deg sekk, gode tursko og klede til å halde seg tørr og varm. 
Instruktør: Michal Niedzwiecki


Volleyball 
Lær meir om volleyball og få masse tid til å spele. Vi lærer om reglar og teknikk, og spelar kampar mot kvarandre. Kurset passar både for deg som er ganske fersk og deg som har spelt litt volleyball frå før. Ta med deg klede til å spele volleyball i og drikkeflaske.
Instruktør: Andrea Dahlen 


Fotball
Lær meir om fotball og få masse tid til å spele.  Vi lærer om reglar og teknikk, og spelar kampar mot kvarandre. Kurset passar både for deg som er ganske fersk og deg som har spelt litt fotball frå før. Ta med deg klede til å spele fotball i og drikkeflaske.
Instruktør: Håvard Kjempenes


Kreativ verkstad
Her får du sjansen til å vere kreativ og bruke hendene. Det blir jobbing med ulike materiale og teknikkar.
Instruktør: Janne Elin Hårklau


Dans
Lær ein koreografi spesielt laga til oss frå ein instruktør frå Dans Utan Grenser! De vil og få moglegheita til å lære fleire ulike dansesteg som kan setjast inn i koreografien og det blir også rikeleg tid til god oppvarming og tøying. Ta med klede/sko til å danse i og gjerne ei drikkeflaske. 
Instruktør: Inga Binningsbø


Go-kart
Vi reiser til Førde og køyrer Go-kart og alle får køyre tre gonger x 10 minutt! Deltakarane må ha med seg gode klede til å vere ute. Det er begrensa med plassar så her er det lurt å vere raskt ute med å melde seg på! Dette er eit halvdagskurs og etter de kjem tilbake til Vassenden så er det eit anna opplegg klart til dykk saman med gjengen på rafting.
Instruktør: Førde Go-kart 


Rafting
Opplev elva Jølstra frå ein raftingflåte. Deltakarane må ha med seg eit sett byteklede til sjølve aktiviteten og det er lagt opp til at de får tid til å dusje før de skal over på ein anna aktivitet saman med gjengen frå Go-kart.
Instruktør: Jølster Rafting


Tur til Sunnfjord museum
Bli med på Sunnfjord museum si avdeling på Mo og sjå og lær om livet i gamle dagar. Museet har fleire aktivitetar vi får prøve og vi er så heldige at vi får oppleve og lære om barndom på 1800-talet. Ta med deg gode sko, klede til å vere ute og ein liten tursekk til niste og drikkeflaske. 
Instruktør: Sunnfjord museum 

 

Kaffikurs og psykososial fyrstehjelpskurs for vaksne
Før lunsj vert det psykososialt kurs, og etter lunsj vert det erfaringsutveksling. Kurset er opent for både vaksenleiarar og alumnar.
Instruktør: Kari Anne Grimelid Årset og Eirik Førde

NB! Eiga påmelding for vaksenleiarar til dette kruset: Vaksenkurs på Storkurset - 4h

 

Påmeldingsfristen er 1. september og kurset kostar kr 500,- som må betalast ved påmelding med kort eller Vipps. 
Aldersgrense for å delta er 12 år.
Alle får tilsendt informasjon i førekant av Storkurset om kurset og om smittevern.
Dersom koronasituasjonen endrar seg kan Storkurset verte avlyst på kort varsel.
Vi held oss til nasjonale og 4H sine retningslinjer i høve korona, og gjennomfører alle nødvendige tiltak for at dette skal bli ei trygg helg. 


Økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på aktivitetane våre. Er du 26 år eller yngre kan du, din føresette eller klubbrådgjevaren din sende søknad om å få dekka deltakaravgifta di på dette arrangementet gjennom "Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her: https://4h.no/for-4h-ere/deltagerstotte/


Vi gler oss til ei livleg helg på Vassenden!