Praktiske opplysningar

Spørsmål?

Kveldsaktivitetar og nattvolleyballcup

Eigen aktivitet for vaksenleiarane

Program

Kursoversikt


Praktiske opplysningar

 

PÅMELDING OPNAR SÅ SNART VI ER KLAR :-)

Kor skal Storkurset vere?

Adressa finn du her: Vassenden Skule

For bussruter kan du sjekke kringom.no - busstoppet heiter Vassenden, og ligg 5-10 minutt gange frå skulen på ein lite traffikert veg.

Kven kan delta?

Alle som er født i 2010 eller før.

Kva kostar det å delta?

Det kostar kr 850 å delta på Storkurs. Dette dekker alt utanom transport til og frå kursstaden. For vaksenleiarar er storkurset gratis. Nokre kurs har ein eigenandel, dette står i påmeldingsskjemaet og i kursoversikta under.

Overnatting og mat

På storkurs overnatter vi i klasserom. Her kan du velje mellom jenterom, guterom og fellesrom. Ta med liggeunderlag eller feltseng og sovepose. Den flinke dugnadsgjengen i Blåklokka 4H lagar mat til oss.

Har du allergi, er det viktig at du skriv litt om dette i påmeldingsskjemaet. Då kan vi tilpasse og kjøpe inn riktig mat. Du kan også ta kontakt med arrangementsleiarane i forkant av arrangementet.

Kva må vi ha med oss?

Sjekk pakkeliste i vedlegg her på sida (PDF, 284KB).

Avmelding og covid-19

Det er bindande påmelding til alle våre arrangement etter at påmeldingsfristen er gått ut. Dette betyr at du ikkje vil få refundert deltakaravgifta sjølv om du melder deg av.

Dersom du blir sjuk eller av andre grunnar må melde deg av:
Ta kontakt med arrangementsleiar så raskt du kan.

Dersom nokon skulle bli sjuke undervegs i arrangementet, syt vi for eige sjukestove til deltakaren eventuelt blir henta heim.

Spørsmål?

Skriv e-post til 4H-kontoret: sfj@4h.no

Ring arrangementsleiarane:
Isak Nordgulen, telefon: 94 88 35 17
Kristin Eineteig, telefon: 95 94 16 99

Kveldsaktivitetar

Fredag skal vi ha leirkveld, det blir miljøtorg med Sofa-is, open scene, bli-kjent-leikar og mykje anna kjekt. Kle deg i ditt kulaste leir-antrekk og bli med!

Tenk ut om du vil opptre med noko på open scene, dette kan være ein sketsj, song, dans – det er heilt opp til deg. Ta kontakt med arrangemenstleiarane med namnet ditt, kva du vil gjere og kva du treng!

Laurdag vert det nattcup i Volleyball! Her kan ein vere lag frå klubben sin eller på tvers av klubbar. Gi beskjed til arrangementsleiarane før 18.00 laurdag - så er laget påmeldt! Premiering for beste lagnamn, beste heiagjeng og sjølvsagt vinnaren av cupen!

Påmeldingsskjema for deg som berre vil delta på nattvolleyballcup (ikkje storkurset)

Eigen aktivitet for vaksenleiarane

4H-klubbane må mobilisere ein vaksen pr. 15 deltakar. Samarbeid gjerne med andre klubbar, men hugs at det er viktig at deltakarane og den vaksne er trygge på kvarandre.

Vi håper mange har lyst til å vere vaksenleiar, og legg opp til eigen aktivitet, tett dialog og vaksenleiarmøter undervegs. Bruk same påmeldingsskjema.

Program
Program fredag 15 september
1700-1800Ankomst og registrering
1800-1900Felles leik på fotballbana
1900-2000Middag i Gjesthalla
2000-2300Leirkveld
2300Ro i sovefløyen
0000Leggetid <3
Program laurdag 16. september
0730Vekking
0800-0900Frukost
0900-1300Kursøkt 1
1300-1400Lunsj i Gjesthalla
1400-1800Kursøkt 2
1800-1900Fritid
1900-2000Middag
2000-0000Fritid
0000Ro i sovefløyen
Program søndag 17. september
0730Vekking
0800-0900Frukost
0900-1000Rydding på skulen
1000-1130Fellesaktivitet
1130-1230Lunsj og heimreise

 

Kursoversikt


OBS! Du kan velje eitt kurs formiddag og eit kurs ettermiddag
 
Volleyball for nybyrjaren: 

Ynskjer du å lære meir om og prøve ut teknikkar, ulike slag og å spele som eit lag i volleyball? På dette kurset får du prøve ulike aktivitetar for å lære deg ulike slag og teknikkar, men du får også spele vanleg volleyball! Kurset vil vere leikprega. Ta med deg treningsklede og vassflaske. 

Deltakarar: 24

Vidarekommen volleyball 

Har du erfaring med volleyball og ynskjer å bli endå betre? Då er dette kurset for deg! Instruktøren er volleyballtrenar og kan gi deg gode tips og triks, kanskje er dette kurset det som fører til at din klubb vinn volleyballturneringa neste fylkesleir? Ta med deg knebeskyttar (om du har), treningsklede og ei vassflaske. 

Deltakarar: 24

Gardsbesøk hjå Strand 4H-gard – OBS: 1 kurs: 09.00-13.00: 

Bli med og besøk garden til Henriette Sunde! Her kan du helse på fleire ulike dyr som sauer, kaniner, høner og ei flott kvige. «Dei gode og trygge stundene når eg meistrar eller berre er». Ta med deg klede til å bruke gard og gjerne handkle så du kan dusje etterpå. 

Deltakarar: 12

Buldring: 

Prøv deg i buldreveggen til Jølster treningssenter, både med og utan instruktør. Ta med deg vassflaske, treningsklede og handkle så du kan dusje etterpå. 

Deltakar: 10

Det kreative hjørnet: 

Vil du utfordre kreativiteten din med å lage flott kunst så er dette kurset for deg! Sidan påske nærmar seg skal vi lage påskeegg og pynt. Ta med deg blyant, viskelær, saks og gjerne noko å pynte med dersom du har det. OBS: hugs å merk med namn. 

Deltakarar: 15

Batikk: 

Vil du farge om ei t-skjorte, ei bukse eller kanskje eit par sokkar, det kan du gjere her! Ta med deg noko å farge, det kan vere ein sokk, ei t-skjorte, ein duk eller noko anna kjekt, og klede du ikkje er redd for å søle på. 

Deltakarar: 12

Golf: 

Vil du lære å slå ein golfball like godt som Suzann Pettersen aka «Tutta» som har vore rangert som nummer to i verden? Då er dette plassen å starte! Ta med deg gode sko og klede tilpassa været. Eigenandel 200kr.

Deltakarar: 15

Mat på bål: 

Vil du lære å lage ekte turmat på bål saman med 4H Sogn og Fjordane sine to friluftsheltar? Vel dette kurset då vel! Ta med deg gode klede til å vere ute med og gode sko. 

Deltakarar: 20

Pizzabaking på Fjordamattunet: 

Bli med Kari Støfringsdal inn på bakstehuset på Fjordamattunet og lag din eigen heimelaga pizza! Samarbeid er nøkkelen til eit godt produkt og de vil få mange gode tips etter kvart! Ta med deg forkle og strikk til håret. Eigenandel 200kr.

Deltakarar: 10

Kreativ verkstad m/ Landsleir 2022: 

Har du lyst til å teste ut kreativiteten din saman med sjølvaste hovudkomiteen? Kanskje lagar du leirens kulaste skilt? Ta med deg klede som du ikkje er redd for å søle på og kreativiteten din. 

Deltakarar: 30

Gaming:

Ynskjer du å spele saman med andre interesserte? Her har du moglegheita til det. Kurset går utan instruktør, men de har vaksne med dykk som passar på. Kanskje får me til ein turnering eller to? Ta med deg dei spela du vil spele og utstyr du treng. Skulen har lademoglegheit og tilgang til wifi – men dette kan vere treigt. Gjerne ha offline- og online-spel

Deltakarar: 20

Vaksen i 4H 

Vil du lære meir om korleis ein kan vere ein god og trygg vaksen for dei flotte barna og ungdomane du møter gjennom 4H-arbeidet? Då kan du melde deg på her. Kurset er for vaksenleiarar, klubbrådgjevarar og alumnar. Kurset startar 11.00 og er ferdig 16.00 

Påmeldingsskjema nattvolleyballcup: