Å dyrke solsikke er ikkje vanskeleg og dette er noko alle kan få til, men det krevst litt planlegging i førekant. Dette fordi solsikka kan bli veldig høg og flott.

Kvar skal du plante solsikka?

Du kan så solsikka rett ut i bedet eller du kan forkultivere ved å så frøa inne i ei potte, og så plante ut seinare. Hugs å vente med å plante ute til etter snøen er vekke.

Eit godt tips er å fukte frøa lett før du sår dei. Det kan du gjere ved å leggje frøa på eit fuktig tørkepapir, og ha eit anna fuktig tørkepapir oppå dei. Når dei byrjar å spire må du så dei.

Dette er viktig å hugse på slik at du får ei høg og flott solsikke:

Solsikka treng ei støtte å lene seg mot. Den kan lett brekke om det kjem sterk vind. Plant solsikka di ein plass med rikeleg med sol, gjerne vendt mot sør. 

Hugs å vatne rikeleg, solsikka likar ikkje å tørke ut. Bruk gjerne gjødselvatn for at dei skal bli høge og sterke.

Høyres dette spennande ut? Bli med på konkurransen! 

For å delta i solsikkekonkurransen må du ta bilete av solsikka saman med eit målband eller meterstokk slik at vi kan sjå kor høg solsikka er – eller på annan måte dokumentere kor høg den er.

Send biletet ditt på e-post til sfj@4h.no innan 1. september

Vi kårar vinnaren i september!