Viss det skal bli deg er det tid for å begynne planlegginga no. Du må tenkje ut om du vil ha solsikka i ei potte, eller plante på frimark. Uansett treng solsikka ei støtte å lene seg mot. Den kan lett brekke om det kjem sterk vind. Plant solsikka di ein plass med rikeleg med sol, gjerne vendt mot sør.

Du kan så solsikka rett ut i bedet eller du kan forkultivere ved å så frøa inne i ei potte, og så plante ut seinare.

Eit godt tips er å fukte frøa lett før du sår dei. Det kan du gjere ved å leggje frøa på eit fuktig tørkepapir, og ha eit anna fuktig tørkepapir opp dei. Når dei begynnar å spire må du så dei.

Hugs å vatne rikeleg, solsikka likar ikkje å tørke ut. Bruk gjerne gjødselvatn for at dei skal bli høge og sterke.

For å delta i solsikkekonkurransen må du ta bilete av solsikka saman med eit målband eller meterstokk slik at vi kan sjå kor høg solsikka er – eller på annan måte dokumentere kor høg den er.

Send biletet ditt på e-post til hilde.svaeren@4h.no
innan 1. september