Byrja planlegge allereie no. Vil du ha solsikka i ei potte, eller plante på frimark? Uansett treng solsikka ei støtte å lene seg mot. Den kan lett brekke om det kjem sterk vind. Plant solsikka di ein plass med rikeleg sol, gjerne vendt mot sør.

Du kan så solsikka rett ut i bedet eller du kan forkultivere ved å så frøa inne i ei potte, og så plante den ut seinare. Eit godt tips er å fukte frøa lett før du sår dei. 

Hugs å vatne rikeleg, solsikka likar ikkje å tørke ut. Bruk gjerne gjødselvatn for at den skal bli høg og sterk.

For å delta på sommarkonkurransen må du ta bilete av solsikka saman med eit målband eller ein meterstokk slik at vi kan sjå kor høg solsikka di er.

Send bilete ditt på e-post til sfj@4h.no
innan 1. september

 

Lukke til!