Vi satsar på nye regionmøte i 4H Sogn og Fjordane i veke 39, september 2020.

Møta er frå klokka 18.00 til 20.00.

Førebels plan er at møta vert:

Tysdag 22. september 2020: Balestrand (Fjordljos 4H)

Tysdag 22. september 2020: Gloppen (Eggenipa 4H)

Onsdag 23. september 2020: Fjaler (Holteholen 4H)

Torsdag 24. september 2020: Gaupne, Luster (Bergrosa 4H)

Torsdag 24. september 2020: Hennebygda, Stad (Ørn 4H)

Fredag 25. september 2020: Gulen (Firkløveren 4H)

4H Sogn og Fjordane står for mat og program, samt friluftsaktivitetar for born, ungdom og vaksne i samarbeid med friluftheltinstruktør og trivselsagent.

4H Sogn og Fjordane syt for at regionmøta vil føregå på ein trygg måte i forhold til smittevern. Vi organiserer aktiviteten klubbvis/grupper, set inn ekstra ressursar for utdeling av mat og har med antibac. I tillegg er det viktig at du som deltakar: 

  • Hugsar god hand- og hostehygiene 
  • Er heime dersom du har symptomer på luftveisinfeksjon 
  • Held 1 meter avstand til 4H-arar som du ikkje er saman med ofte (for vaksne over 20 år gjeld 1-metersregelen alltid)

Vi vonar alle i 4H held fram med å bruke klårt hovud, varmt hjarte, flinke og reine hender og ha ei god helse. Velkomen!