- Arrangør: 4H Sogn og Fjordane
- Quality Hotel Sogndal
- (heldags)
4H Sogn og Fjordane inviterer årets og fjorårets plakettmottakarar til plakettfest! Meld deg på, ta med finstasen og kom! Vi møtes i Sogndal 19. mars 2022!
Endeleg er det duka for fest
og håpar DU vil vere vår gjest
Vi legg bak oss 2 rare år
så vi på stortromma slår
2 retters middag – fristande godt
og vi alle stiller så feiande flott
Kanskje det vert ei overrasking eller fleir
kunne vi ynskje noko meir?
Vi gler oss til mykje gøy
hela i taket og støy
19. mars i Sogndal det skjer
no håpar vi du ryktet sprer
1130 | Dørene opnar |
---|---|
1200 | Velkomen |
1210 | Fotografering |
1300 | Underhaldning |
1400 | Utdeling av plakettar |
1600 | Middag |
ca 2000 | vel heim |
Dersom du ynskjer å ha med deg kjærast, sysken, mor, far eller klubbrådgjevar til festen er dei hjarteleg velkomne.
Festen er gratis for plakettmottakar
Billettpris for gjestar du tek med er kr 600,-
Har du bunad så gjerne ta den på!
Avmelding og covid-19
Det er bindande påmelding til alle våre arrangement etter at påmeldingsfristen er gått ut.
Dersom du blir sjuk eller av andre grunnar må melde deg av:
Send ein melding til oss på telefon 91709708 eller epost camilla.unemo@4h.no
Invitasjon er sendt på e-post til alle plakettmottakarar vi har registrert (2020 og 2021) den 17. februar (avsendaradresse sfj@4h.no).