4.-6. september brakar det laus med Juniorsprell!

I løpet av helga får du moglegheit til å lage gapahuk, lære om fyrstehjelp på tur, padla kano, fiske, lage mat på bål og sove ute.

I tillegg til dette skal me ha mykje leik og moro!

Sted: Speiderhytta på Voss, Nedkvitnesvegen 168, Voss

Treng de transport frå Voss jernbanestasjon eller bussholdeplassen på Skulestadmo/Voss, kontakt Turid på 4H-kontoret; 97098941

Alder: For juniorar (født 2008, 2007 og 2006).

Pris medlemmer: kr. 600,-. Betalast ved påmelding.

Gratis for vaksne og alumnar som hjelper til.

Påmelding i medlemsregisteret innan 20. august.

Bindande påmelding.

Friluftsheltane Solveig Ljones, Maius I. Opedal og David Bratland har hovudansvaret denne helga.

Me søve ute begge nettene, så ta med hengekøye viss du har.

Pakkeliste, program og meir informasjon kjem på mail til dei som melder seg på.

Er det nokre vaksne eller alumnar som vil vere med, kan de melde dykk på i medlemsregisteret: 4H Hordaland Juniorsprell som vaksen/ arrangør/ alumn

Lurar du på noko, ta kontakt med:

Marius I. Opedal - 97 43 55 20

Solvei L. Ljones - 96 01 97 27

David Bratland- 90 63 65 44

Håpar me får sjå deg på Juniorsprell!

Helsing friluftsheltane Solvei, David og Marius.