4H Volleyball - Nattcup


Årets 4H volleyball Nattcup vert arrangert i Eidahallen laurdag 28. – søndag 29. mars.  Her kjem invitasjon til alle 4H-klubbar om å stille lag og delta i turneringa. Dette blir sjølvsagt ein konkurranse – men aller mest moro!

Invitasjonen går ut til alle 4H-klubbar i Sogn og Fjordane.
Eid 4H nemnd, som står som arrangør for nattcupen, er ei felles nemnd for  4H- klubbane i ytre Nordfjord, - sju 4H- klubbar i Stad kommune og to klubbar i Bremanger. Vi håpar og trur at Nattcupen kan bli ein kjekk stad der ungdomar frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn kan bli litt betre kjent med kvarandre.

TID OG STAD
4H- volleyball nattcupen blir altså i den nye Eidahallen på Nordfjordeid. Du finn den ved sidan av Eid barneskule.
Nattcupen startar kokka 19.00 laurdag 28. mars vert avslutta ca klokka 1.00-1.15 søndag 29. mars.
Etter turneringa er planen at flest mogeleg reiser heim. Vi legg opp til at folk frå Gloppen, Jølster osv kan nå 02-ferja Lote-Anda.
For dei som av ulike grunnar ikkje kan reise heim om natta, har vi eit enkelt overnattingstilbod på skulen.

Då er det berre å melde på lag, samle ein fin gjeng og starte treningar –
 DETTE BLIR KJEKT!

LAG OG TURNERINGA
Kvart lag skal vere samansett av spelarar i alderen 12 -18 år Vi ønskjer så langt som råd at ein stiller «blanda lag» med både jenter og gutar, - og yngre og eldre spelarar.  Eit lag kan ha inntil 10 deltakarar – det vil seie 6 spelarar på banen med rullerande innbytarar. Kvart lag stiller også med ein vaksen leiar.
Er de ikkje mange nok til å stille lag – meld på dei som vil, så ordnar vi med ekstra folk slik at ein får fullt lag!
Kampane blir spelt på tid, og oppsettet vert slik at alle lag skal spele fleire kampar. Kor mang kampar det vert i dei innleiande rundane er avhengig kor mange lag som er påmeld.
Mellom kampane vert det tid til litt ein tur i kiosken, heie på andre lag, spel og prate med folk i foajeen.

Dette er ein venskapeleg turnering der det er like viktig å ha det kjekt i lag som å vinne. Det vert sjølvsagt premiar, - både ein premie til kvart deltakarlag og ei påskjønning til laget  som går sigrande ut av turneringa!

MAT

Eit måltid med enkel, varm mat – hamburgar / pølser med brød eller liknande og i tillegg litt frukt - blir servert litt ut i turneringa. Dette er inkludert i prisen for påmelding.
I tillegg vert det kiosk på turneringa der ein kan få kjøpe brus, chips, sjokolade, snop med meir.

OVERNATTING
Deltakarar som treng overnatting får eit enkelt tilbod om dette på klasserom/sfo på skulen. Ein må ta med liggeunderlag, sovepose, toalettsaker/handkle og det du treng for overnatting. Søndag morgon stiller vi med enkel frukost, brødmat, vanleg pålegg, mjølk, kaffi og te.  Dette er inkludert i prisen for påmelding.

PRIS:
Kvar deltakar i turneringa betaler kr 200.  I tillegg til  turneringa dekker dette eit varmt måltid i løpet av kvelden, overnatting og frukost nest morgon om du treng det.
Vaksne som føljer laget/ er sjåførar, går gratis. Dei får også mat og overnatting om det er aktuelt.

KIOSK:
Kiosken vert open under heile turneringa. Her kan du kjøpe brus, chips, popkorn, sjokolade, snop med meir.
Det vert også høve til å kjøpe enkelt 4H-effektar.

I kiosken kan du også kjøpe 4H VOLLEYBALL NATTCUP t-skjorta, for kr 50,- 😊

PÅMELDING
Påmelding seinast 21. mars, til Hilde Sværen på 4Hkontoret
hilde.svaeren@4h.no .
Ein treng å vite: Namn, adresse, telefon, eventuelle allergiar eller mat du ikkje toler, og om du treng du overnatting eventuelt til kor mange.

MEIR INFORMASJON
Dianne Eikås 91841657 – diannjor@online.no