På kaffikurset kan klubbrådgjevarar og andre vaksne ressurspersonar dele erfaringar frå arbeidet i 4H eller stille spørsmål og få hjelp med medlemsregister og digital prosjektplattform. Etter lunsj vert det kurs i psykososial førstehjelp, der får du lære meir om å meistre akutte situasjonar.
Dette kurset er for vaksenleiarar som er med på Storkurset og klubbrådgjevarar.

I år vert Storkurset arrangert utan overnatting på berre ein dag, laurdag 7. november, men som vanleg på Vassenden skule. Dei ulike kursa er delte opp i to økter med lunsjpause imellom.

Oppmøte på skulen kl 10.00 og heimreise kl 17.00.

På grunn av smittevernomsyn vert deltakarane delt inn i grupper på max 15 deltakarar som skal vere saman heile dagen.

Påmeldingsfristen er 27. oktober og kurset er gratis.

Alle får tilsendt informasjon i førekant av Storkurset om kurset og om smittevern.

Dersom koronasituasjonen endrar seg kan Storkurset verte avlyst på kort varsel.