20.-22. august brakar det laus med Juniorsprell på Hardangervidda!

I løpet av helga får du moglegheit til å padla kano, fiske, lære om turutstyr, kart/ kompass, lage mat på bål og sove ute i naturen hvis du ønskjer det.

I tillegg til dette skal me ha ulike konkurransar , fellesaktivitetar og mykje leik og moro!

 

Sted: Tråastølen, Hardangervidda. 

Tråastølen er ei velutstyrt hytte som ligg på ved vegen ein km aust for Dyranut fjellstove på Hardangervidda, 36 km frå Eidfjord.

Alder: For juniorar (født 2009, 2008 og 2007). Vaksne frå klubbane/ føresette som ønskjer å hjelpe til, kan òg melda seg på. 

Pris: 

Medlemmer: kr. 800,-.  

Vaksne som hjelper til: Gratis. Dei kan melde seg på ved å sende mail til : Turid.herland@4h.no

Økonomien skal ikkje vera til hinder for å delta på aktivitetane våre. Er du 26 år eller yngre kan du, dine føresette eller klubbrådgjevaren din sende søknad om å få dekka deltakaravgifta di på dette arrangementet gjennom "Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her: https://4h.no/for-4h-ere/deltagerstotte/ 

Påmelding i medlemsregisteret innan 1. juli. Bindande påmelding.

Oppmøte fredag kl. 19.00

Avreise søndag kl. 16.00

Pakkeliste, program og meir informasjon kjem på mail til dei som melder seg på.

Rune Solberg, klubbrådgjevar i Vennskapsporten 4H har hovudansvaret. I tillegg hjelper nokre av friluftsheltane til denne helga.

 

Me håpar å få sjå deg på Juniorsprell!

Helsing Rune Solberg og 4H Hordaland

 

Samlinga er sponsa av:

- Lions

- 4H Norge