Hei alle vaksne i 4H!

Hjarteleg velkomen til digital inspirasjonssamling !

Her kan du få inspirasjon, opplæring og ha det sosialt.

Programmet er ikkje heilt på plass, men hovedtemaene er:

- Friluftsliv 

- Digitale prosjekt

- Tips og informasjon fra 4H-kontoret

- Kva skjer i klubbane? Fint hvis alle klubbar fortel litt om 4H-møtene, aktivitetane, utfordringar i klubben. Er det nokre klubbar som har søkt om midlar til aktivitet? Har de samarbeid med andre klubbar, grupper eller organisasjonar? 

- Ut på tur. Vi setter av nokre minutter til å gå ein liten tur ut.  Turen treng ikkje være lang,  det viktigaste er å få litt frisk luft. Ta med mobilen og ta eit bilete av ein ting, sted, dyr, plante, eller rett og slett noko som fasinerer deg akkurat på denne lufteturen. Send bilete på messanger til 4H Hordaland eller Turid. Eller; ta med ein ting du fant på turen, og vis den fram i gruppa. Kvifor tok du med akkurat denne tingen heim?

Fint hvis alle tar på seg ein ting med fargen GRØNN eller GUL. Når du presenterer deg sjølv, kan du gjerne fortelje litt om denne tingen.

Programmet startar kl. 10.00, og vi er ferdig ca. kl. 15.00.

 

Microsoft Teams-møte

Bli med på PC-en eller mobilappen

Klikk her for å bli med i møtet

Finn ut mer | Møtealternativer