Vi er veldig lei for at inspirasjonssamling ikkje vart gjennomført som planlagt i januar. Men vi har no valt å arrangere ei dagssamling i samband med gjennomføring av Superhelga!

Vi håpar DE som klubbrådgjevarar vil nytte høve til å delta på kreativ verkstad og får med dykk eit inspirerande foredrag!


KORONAOPPDATERING

For å trygge oss i høve korona har vi valt å gjennomføre inspirasjonssamlinga på ein dag. 

Det er bindande påmelding til arrangementet. Unntak fra regelen: 
1) Du kan vise til legeerklæring som dokumenterar at du ikkje kan delta.
2) Du har symptom på luftvegsinfeksjon, eller er i karantene på grunn av covid-19, og må difor halde deg hjemme.

Gi beskjed om at du ikkje kjem. Send sms til Camilla: 97 01 81 33.


Stad: Naustdal skule

Påmelding for andre vaksne, send mail til sfj@4h.no. Det er viktig at de informerer om evt matallergi.

Påmeldingsfrist: 6. februar

Vi fokuserer på sosialt samvær, gode samtalar og endå betre samarbeid. 

Kreativ verkstad med Ut av Huse

Åse Huse er ein lidenskapleg friluftsentusiast og ei kreativ sjel som er svært glad i å dele eigne interesser med andre. Interessene har vore grunnlag for val av både utdanning og arbeid, og for etablering av bedrifta UT av Huse våren 2018.
Nettside: Ut Av Huse

 

Programinnhald

  • Inspirerande foredrag ved klubbrådgjevar Camilla Nesheim i Troda 4H
    • ein av dei 5 mest aktive friluftsklubbane i 4H Noreg
  • Kreativ inspirasjon med Ut av Huse v/Åse Huse
  • Lunsj

Vi gler oss til å treffe dykk