Innkalling og saksliste til fylkesårsmøte 4H Hordaland

De er med dette kalla inn til fylkesårsmøtet i 4H Hordaland, søndag 7. februar 2021 på Thon Hotel Sandven i Norheimsund. Møtet startar klokka 11.00 og vert avslutta klokka 16.00.

Deltakaravgifta er kr 600,- pr. person. Dette inkluderer lunsj og kaffi på møtet.

Fylkesårsmøtet er samanse av 2 representantar frå kvar 4H-klubb i fylket. Årsmøtet er det høgaste organet i fylket, og grunnlaget for 4H-arbeidet vert lagt her. På grunn av koronasituasjonen er ikkje årsmøtet opent for observatørar og gjester.

Dersom du eller klubben din har saker de ynskjer å diskutera på årsmøtet, må dei sendast inn skriftleg til kontoret innan 7.januar 2021.

Sakspapir og vedtekter vert sendt pr. e-post direkte til dei påmeldte og klubbrådgjevar A i kvar klubb. I tillegg vert sakspapira lagt ut på heimesida til 4H Hordaland.

4H Hordaland kan dessverre ikkje dekkja reise og opphald for årsmøterepresentantane.