Fylkesleir 2022

Bordalen 4H ynskjer alle velkomne til fyste fylkesleiren på 3 år!

 

Stad               Voss, Gjernes skule (Gjernesmoen 8, 5700 Voss)

Tid                  23.- 26. juni

Alder             Født 2010 eller tidlegare.12-åringane i Sogn og Fjordane har ikkje eit leirtilbod i år, derfor har 4H Hordaland opna opp for at 12-åringar frå begge fylka kan delta på årets fylkesleir.

Pris                250 kr for Hordalendingar, 800 kr for Sogn og Fjordane,

                       gratis for leiarar og alumnar

Årsmøtet til 4H Hordaland vedtok at medlemmar frå Hordaland kun skal betale kr 250 for fylkesleiren. Fylket skal betale resten av leiren. Dette for å motivere medlemmane til å delta.

Påmelding   Påmelding via link på heimesida innan 20. mai

Avmeldingsfrist  20.mai

Vaksne          Klubbane må stille med minst ein vaksen pr. 10. deltakar.

                             Arrangørklubb har eit ønskje om at leiarar deltek på aktivitetane.

Reise             Treng de transport frå Voss sentrum til leirplassen, ta kontakt med                                                 Turid på 4H-kontoret: 99 40 52 69

Info                Alle som melder seg på får tilsendt informasjon på mail

 

Dei ulike aktivitetane:

  • Kajakk på Vangsvatnet
  • Volleyball – nybegynnar og vidarekomen
  • Trearbeid
  • Sykkeltur rundt Vangsvatnet
  • Klatring
  • Skyting
  • Fotografering
  • Swingkurs – nybegynnar og vidarekomen
  • Mekking
  • Fjelltur – Hanguren
  • Matlaging med Unge Kokkar 

Program:

Torsdag

17.00                  Teltleiren opnar

19.00                  Middag

20.00                  Opningsshow med Jonsokfeiring

21.00                  Miljøtorget opnar

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljøtorget stenger

 

Fredag

08.00                  Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Felles aktivitet/tur

16.00                  Mellommåltid

17.00                 Volleyballturnering

19.00                 Middag

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

23.00                  Ro i teltleiren

01.00                  Miljøtorget stenger

 

Laurdag

08.00                  Vekking

08.30                  Frukost med smørjing av niste

09.45                  Alle møter framfor scena

10.00                  Aktivitetar

16.00                  Mellommåltid

16.15                  Landsleir kick-off

17.00                 Volleyballturnering

19.00                  Middag

20.30                  Sceneshow

21.00                  Miljøtorget opnar

23.00                  Ro i teltleiren

02.00                  Miljøtorget stenger

 

Sundag

09.00                  Vekking

09.00                  Frukost

10.30                  Avslutning og Premiering