Digitalt fylkesårsmøte i 4H Hordaland flyttast til søndag 14. mars

Da det i januar ble bestemt at 4H Hordaland måtte gjennomføre sitt fylkesårsmøte digitalt,  gjekk fylkesstyre for ei løysing med bruk av GoPlenum og Teams slik at alle årsmøtedeltakarar skulle få kome med forslag og gje si stemme.

 

For at ordstyraren skulle få gjennomført eit godt årsmøte, skulle teknisk, sekretær og fylkesstyre sitte saman med han i Norheimsund/Kvam, slik at dei kunne leggje fram alle sakane, svara på spørsmål og gjennomføre eit godt årsmøte.

 

Så kom det utbrot av den britiske varianten av koronaviruset til Kvam herad og Ulvik herad, og det vart innført strenge lokale tiltak. Ordstyraren vår kjem frå Kvam, og fleire frå fylkesstyret kjem frå nabokommunane. No kan dei ikkje møtast, og det blir vanskeleg å gjennomføra eit godt årsmøte. Derfor har fylkesstyret i dag bestemt at 4H Hordaland sitt fylkesårsmøte blir flytta til søndag 14. mars.

 

 

De er med dette kalla inn til DIGITALT fylkesårsmøtet søndag 14. mars 2021.

Møtet startar klokka 11.00 og vert avslutta klokka 16.00. Registreringen startar kl. 10.00.

4H-klubbane kan møte med 2 representantar med røysterett.

 

Sakliste:

  1. Opning
  2. Namneopprop
  3. Godkjenning av innkalling og sakliste
  4. Godkjenning av forretningsorden
  5. Val av to til å skrive under protokollen
  6. Val av sekretær og teljekorps
  7. Årsmelding 2020
  8. Rekneskap 2020, revisormelding og uttale frå kontrollutvalet
  9. Handlingsplan for 2021 - 2022
  10. Årsplan for 2021 
  11. Budsjett 2021
  12. Førebels årsplan 2022
  13. Førebels budsjett 2022
  14. Førebels årsplan 2023
  15. Førebels budsjett 2023
  16. Val av revisor og vararevisor
  17. Innkomne saker
  18. Uttalar frå fylkesårsmøtet
  19. Val
    1. Skriftleg val av leiar
    2. Skriftleg val av styremedlem skrivar og styremedlem
    3. Val av 3 varamedlem til fylkesstyret
    4. Val av ordførar og varaordførar
    5. Val av medelmmer til kontrollnemnd med varamedlemmer
    6. Val av medlemmer til valnemnd 
  20. Avslutning

 

Praktisk informasjon:                                                                                                                   

Lenka til møtet vil vere open frå klokka 10.00 for registrering og tilkopling.  Årsmøtet startar kl. 11.00, og vil verta ferdig ca. kl. 16.00. Det blir lunsjpause under møtet.

Førebuing til årsmøtet: 

Vi vil invitere til opplæring og førebuing til årsmøtet onsdag 3. februar kl. 18.00.

Påmelding via "Min side" (oppe i høgre hjørne) på heimesida til 4H Hordaland.  Påmeldingfristen er utvida til onsdag 31. januar.

Sakspapira vert sendt ut til dei påmeldte deltakarane og klubbrådgjevar A ca.  to veker før årsmøtet. I tillegg ligg dei her på heimesida til 4H Hordaland.