4H Hordaland kjem til å setje opp to bussar som skal køyre til Breim. Den eine startar i Skare, køyrer via Voss til Breim. Den andre bussen startar i Åsane/ Bergen, og køyrer til Breim. På begge bussane vil 4H Hordaland ha leiarar som tar ansvar for at alle medlemmane blir med og har det bra.

På sjølve landsleiren har òg 4H Hordaland leiarar med, slik at klubbane ikkje treng å sende med vaksne.  4H Hordaland får ta med ein leiar pr. 15. deltakar. I tilleggg sender me med ein hovudleiar, Ingrid Otnes.

Vi har satt maksprisen til kr. 1000 for bussen frå Skare/Voss kr, og kr. 800 for Åsane/Bergensbussen. Det kan bli noko billigare dersom mange melder seg på Fellestransporten.

Du betaler same sum om du reiser ein veg eller tur/retur.

Faktura blir sendt ut 1.juni - og må betalast innan 14. juni for å sikre deg plass på bussen.