Lystig 4H vil ynskja velkomen til distriktsleir i regionen Voss/Granvin/Ulvik.

Leiren skal holde til inne i Bømoen. Her er det stor plass å boltre seg på. Det er kantine, toalettanlegg og stor fotball og sandvolleyballbane.

Ein kjem til leirstaden fredag ettermiddag, og leiren varer til søndag ca kl. 12

 

Kven: Aspirantar og 1.års junior; 2012,2011 og 2010

Tid: 27. -29 mai

Pris: 700,- Dette dekker mat, opphald, leirbilete og aktivitet. Nokre aktivitetar har eigenandel(sjå kursoversikt)

Kr 50,- per leiar

Felles innbetaling av leiravgift frå kvar klubb.

Konto nr: 3480 30 91082

Viktig: Når de melder dykk på kurs skriv opp fyrste, andre og tredje val.

Om allergiar, skriv det opp ved påmelding.

Reise: De har sjølve ansvar for å kome til og frå leiren

Info: alle som melder seg på får tilsendt informasjon og leirprogram på e-post

Vaksne: minst ein vaksen per 7 deltakar frå kvar klubb

Andre aktivitetar me skal gjera er:

  • Volleyball
  • Drakamp
  • Diskotek på kvelden med kiosk og kjekke aktivitetar

 

Påmelding klubbvis innan 20.mai

Spørsmål? Ta kontakt på e-post kajagjerme@hotmail.com eller 41 41 34 31

Vennleg helsing Lystig 4H


AKTIVITETAR

 

Ballspel: På denne aktiviteten skal me spele både fotball og volleyball. Ein skal lære teknikk og spele mykje. Passar for alle.

Sykkeltur: Her vert det sykkeltur til Skjervesfossen. Ved fossen blir det pause og leikar.

Kunst: Her får ein brukt fantasien og kreativiteten sin på lerretet.

Klatrepark: Her vert det klatring i Voss klatrepark.

Tradisjonell bakst: Her blir det baking med bygdekvinnelaget. Ein får prøvd å få bake forskjellige tradisjons bakst.

Fotografering: På dette kurset får du lære å ta betre bileter. Ein vel sjølv om ein ynskjer å ta med kamera eller telefon til å fotografere med.

Eigenandel: maks 100kr.

Snekring: Dette er eit kurs for deg som er nevenytting og interessert i snekring. Planen er at alle som er med på kurset skal få bygge sitt eige fuglehus,

Swingkurs: Er du glad i å danse? Då passer dette kurset for deg. Her skal ein lære grunnleggande swing.

PS: Meir informasjon kjem om nokre av kursene!