- Pris: Kr 500,-
- Arrangør: Lid 4H
- Lid skule
- (heldags)
Leir
Leir for aspirantar og 1. + 2. års juniorar (født 2009-2012) på Lid skule
DISTRIKTSLEIR 4H 2022
Velkommen til distriktsleir på Lid 17-19 juni!?
Leiren er for aspirantar og 1 og 2 årsjuniorar, og skal haldast ved Lid grendahus i Sveio kommune.
Leiravgifta er kr. 500,-+ eigenandel på nokre av aktivitetane. Leiren er gratis for leiarane. Det må være med minst ein leiar pr. åttande deltakar.
Har klubben underhaldningsinnslag til laurdagskvelden, er det flott.
Gje beskjed dersom nokon har allergi og spesielle behov/sjukdom ved påmelding, slik at vi kan ta omsyn til dette.
Det vert tur til Ryvarden kulturfyr for dei vaksne som har lyst på ein tur laurdag .
Medlemmane må velje 3 aktivitetar pga. nokre kurs fort kan bli fulle. Her gjelder det å være fort ute med påmelding. Påmelding sendast samla frå kvar klubb, og må innehalde namn på deltakar, fødselsdato og aktivitetar 1,2,3.
Samla innbetaling frå kvar klubb til konto nr: 3506.2252.497 merka med klubbnamn.
Påmeldinga sendast til Arne Martin Helland: amhelland06@gmail.com
Kontaktperson for spørsmål om leiren og kurs mm: Lilly Helland, mobil: 91105954
Påmeldingsfrist: 05. juni 2022
Hjarteleg velkomen!?
Helsing LID 4H
FAGAKTIVITETAR
- Paintball. Eigenandel 400 kr
- Sjøfiske på Ålfjorden. Max 10 stk. Vi held flyteplagg. Ta med fiskestong eller anna egna fiskeutstyr.
- Hest og riding. Max 15 stk. Eigenandel: 200 kr pr. pers
- Gardsbesøk på Flatnes. På garden er det ku, kalv, melkerobot, sau, lam, hund og katt.
- Moderne dansekurs. Ta med treningskle og drikkeflaske.
- Volleyball i hall og på sandvolleyballbane. Ta med innesko, treningskle og drikkeflaske
- Kakebaking. Max 10 stk. Vi bakar og lærer å pynte kaker. Ta med forkle
- Fotball. Ta med fotballsko, treningskle og drikkeflaske
- Golfkurs på Haugaland golfbane. Min 6 stk. Eigenandel: 250 pr. pers.
- Kreativ forming. Vi tover sitteunderlag, dekorer t-skjorte m.m. Eigenandel 200 kr pr.pers. Husk å oppgi t-skjorte størrelse ved påmelding.
PROGRAM
Fredag:
17.00-19.00 Frammøte og oppsetjing av telt
19.00-20.00 Kveldsmat
20.00 Opning av leiren, litt underhaldning, diskotek og kiosk
22.00 Leiarsamling og drøs rundt bordet. Påmelding av lag til volleyballturneringa og underhaldning til laurdagskvelden.
23.00 Ro i leiren!
Laurdag:
08.00 Vekking-flaggheising
08.30-09.30 Frukost og smørjing av nistemat til fagaktivitetane.
09.45 Alle må være klare på skuleplassen!
10.00-14.30 Aktivitetar
15.00 Mat på grendahuset
16.00 Volleyballturnering – Natursti
19.00 Grillmat
20.30 Underhaldning ,diskotek og kiosk
22.00 Leiarsamling
24.00 Ro i leiren!
Søndag:
08.30 Vekking
09.00-10.00 Frukost
10.00 Volleyballfinale
10.30 Premieutdeling og avslutning
10.30-11.30 Rydding i leiren
Vel heim
Dette må du ta med deg:
Telt
Sovepose/pute/teppe og liggeunderlag
Toalettsaker
Klede og sko etter værforholda og etter fagaktivitetane
Lommepengar. Me har mykje spanande i kiosken?
Og sjølvsagt: Masse godt humør?