4H Hordalan sitt årsmøte vert halde søndag 13. februar 2022 på Vigdartun i Sveio.


KORONAOPPDATERING

Vi planlegg for at arrangementet skal skje som planlagt, men dersom det skulle

kome endringar i anbefalingar, så vil det òg skje endring knytt til arrangementet.


Praktisk informasjon:

Pris:
Faktura blir sendt til klubben. Bindande påmelding. erre avmelding grunna sjukdom blir refundert.
Dei som er påmeldt Styrevervskurs er allereie påmeldt årsmøtet!

Påmelding:
Personleg påmelding via ”Link” på dette arrangementet. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.
Manglar passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette på e-post. Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.
Påmeldingsfrist: Innan 16. januar.


Program for årsmøtet

09:00     Registrering
09:30     Opning av årsmøtet
12:00     Lunsj
13:00     Årsmøte held fram
15:00     Årsmøtet vert heva


Sakliste

  1. Opning
  2. Opprop
  3. Godkjenning av innkalling og sakliste
  4. Godkjenning av forretningsorden
  5. Val av to personar til å skrive under protokollen
  6. Val av sekretærar og teljekorps
  7. Årsmelding 2021
  8. Rekneskap 2021, revisormelding og uttale frå kontrollutvalet
  9. Vedtektsendring
  10. Årsplan 2022
  11. Budsjett 2022
  12. Førebels årsplan 2023
  13. Førebels budsjett 2023
  14. Søknad om landsleir 2024/2026
  15. Førebels årsplan for 2024
  16. Førebels budsjett for 2024
  17. Tilsetting av revisorar
  18. Innkomne saker
  19. Uttalar frå fylkesårsmøtet
  20. Val
    • Val av leiar
    • Val av styremedlem, økonomi
    • Val av styremedlem
    • Val av 3 varamedlem til styret
    • Val av ordførar og varaordførar
    • Val av medlem til kontrollnemnd 
    • Val av medlem og 3 varamedlemmer til valnemnd
    • Val av  2 utsendingar med vara til landsmøtet
  21. Avslutning