Oppmøte:

Fredag 24. september frå kl. 18.00 og utover på Øvrebø hytter, Vassenden, Sunnfjord.

Heimreise:

Søndag 26. september etter frukost og rydding. Seinast kl. 12.00.

Betaling:

Alle som melder seg på betalar kr. 500,- for rafting, overnatting på Øvrebø hytter, 2 middagar, 2 frukostar med nistesmøring.

De må sjølve betale reise til/frå leiren.

Det er moglegheit for å smørje nistepakke før avreise til aktivitet.

Påmelding:

Påmelding via medlemsregisteret. Betaling ved påmelding.

Påmeldingsfrist: 10. september. Bindande påmelding.

Kursadministratorar:

Maria Kalhagen: 94 97 77 11

Marita Holen Leirdal: 91 91 30 46

Mat/rydding:

Det vil bli servert middag på fredagskveld. De får frukost før avreise laurdagsmorgon, då smører me oss niste. Laurdagskveld vil det bli servert middag. Søndagsmorgon er det frukost før avreise.

Alle må hjelpe til med å lage mat, rydde og vaske. Det vil bli hengt opp lister med oversikt over dette.

Reise til/frå samlinga:

Det tek 10 min å gå frå Vassenden busstopp til Øvrebø hytter. Det er fint dersom alle kan gje beskjed angåande korleis ein har tenkt å reise, og når ein kjem.

Hugseliste til pakkinga:

  • Sengeklede (laken, dyne- og putetrekk), eller sovepose/lakenpose.
  • Toalettsaker og handkle
  • Ullsokkar, innesko
  • Gode sko
  • Varme klede, regnklede. Sjå vêrmeldinga.
  • Ullundertøy og ekstra undertøy til å ha under våtdrakta på raftinga
  • Sko til rafting (joggesko funkar bra, dei blir blaute uansett)

Me skal gjere alt me kan for at Senior- alumnsprellet vert gjennomført på ein trygg og god måte. Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer når det gjeld korona.

Program:

Fredag:

18.00- 20.00         Frammøte

                            Busstopp «Vassenden»

20.00                    Middag og sosialt samkvem

24.00                    Rosignal

 

Laurdag:

08.00                    Vekking og frukost

xx.xx- xx.xx             Rafting

xx.xx                      Fritid

19.00                    Temamiddag og sosialt samkvem

01.00                    Rosignal

 

Søndag:

09.00                    Vekking, frukost, rydding og vasking

10.00- 11.00         Heimreise

 

TEMAMIDDAG

Laurdagskveld blir det temamiddag!

 

SOFA 4H ønskjer alle hjarteleg velkomen!