I tillegg til kursa blir det aktivitetar som bli-kjent program, underhaldning, leikar og musikk.

Kurset skal vere på Åheim skule, her er eit rikt uteområde med moglegheit for mange aktivitetar utan om sjølve kursa. Vi kan nemne Tarzan-jungel, klatrepyramidar, fotballbinge mm. Vidare har vi idrettshallen og/eller gymsalen der det vert lagt til rette for Volleyball spel!

Du som fyller 12 år i år eller eldre kan vere med.

Kva er storkurs?

Storkurset er ei samling av mange artige, spennande og lærerike kurs, og ein stad for å ver sosial.

Kva er aldersgrensa?

Storkurset er for alle 4H-medlemmer som fyller 12 år eller meir i 2021.

Kvar skal vi vere?

Storkurset skal vere på Åheim. Nokre av kursa skal vere på skulen, andre utanfor skulen.

Kvar skal vi overnatte?

Vi skal overnatte i klasserom på Åheim skule. Det betyr at alle må ha med sovepose og liggjeunderlag. Sidan vi skal sove mange på same rom betyr det at vi må ta omsyn, slik at alle får sove.

Får vi mat?

Elvablikk 4H lagar og serverar god mat på skulen. Dei faste måltida er med i prisen på kurset, medan  kioskvarer kjem utanom. Dersom du ikkje toler spesielle matvarer, må du melde frå om dette ved påmelding til kurset.

Må vi ha med vaksne?

Storkurset er eit stort arrangement med mange deltakarar. For å sikre god kontakt mellom deltakarane og dei kursansvarlege må det vere med ein vaksen leiar pr 15 deltakarar. Klubbar kan samarbeide om leiar.

Korona

Alle gjeldande smitteverns reglar vil sjølvsagt bli fylgt. Og skulle reglane tilsei at vi må avlyse – blir dette gjort.

Årets kurstilbod:
  • Førstehjelp, søk og redning

Vanylven Røde kors held kurset. Du får lære om førstehjelp, søk etter forulykka og redning.

  • Dans/leikarring

Fiskå frilynde ungdomslag ved Leikarringen stiller med instruktørar. Linedans, swing, ringdans mm.

  • Fjelltur

Ein lokal fjellvant guide tek deg med på ein spennande fjelltur i eit av dei flotte fjella våre rundt Åheim! Ta med gode sko/fjellsko.

  • Tur til Hjortefarmen på Nave, Nordfjordhjort

(10 min køyretur mot Nordfjord), hels på hjorten på nært hald. Aktivitetar både på land og vatn. Kano, kajakk, trø båt, tve-kampar (farmen) Det blir og draging av garn og kurs i filetering av fisk.

  • Teikne/male kurs

Lær ulike teknikkar innan maling og teikning av lokale kunstnarar.

  • Nålefilting

Handarbeid - Kurs i nålefilting. Nålefilting er både populært og enkelt. Teknikken lar deg male med ull og filtenål i staden for maling og pensel, og resultatet syner fort. Google gjerne for å sjå kva dette går ut på om du ikkje kjenner dette frå før.

  • Steinsliping

Åheim er mest kjent for Olivinbedrifta Sibelco. Her er det då spesielt smykkesteinen Peridot som finnast i Olivin. Dette har skapt ei interesse for stein, og nokre enkeltpersonar har over fleire år drive med sliping av forskjellige steinartar, til dømes til smykkestein, beltespenner ol. Ein vil her kunne lære grunnleggande om steinsliping og få prøve dette. Ein vil og lære om Geologien rundt dette. Det blir og besøk på steinsenteret.

  • Klatring

Vanylven klatre- og kajakk klubb stiller som kursarrangør. Utvida introduksjonskurs i klatring i klatrevegg i Olivinhallen på Åheim. Ein vil her lære å klatre og sikre kvar andre. Klatreveggen har ulike vanskeligheitsgrader.

  • Kajakk

Friluftsrådet stiller som kursarrangør. Utvida introduksjonskurs i kajakkpadling. Ein vi lære å handtere kajakken, korleis ein skal opptre når en ruller rundt og korleis ein skal redde seg sjølv og andre. Kurset vert i nærområdet rundt Åheim. Her må ein tilpasse stad etter veret. 

  • Snikkarverkstad

Tidlegare sløydlærar Svein Bøstrand held kurs her, han har og eige snikkarverkstad og er tusenkunstnar innan for dette. Han har mange gode idear og vil lage eit opplegg der en kan lage forskjellige saker og ting som ein tek med heim. Utganspunktet er å lage forskjellige typar «hjernetrim» som kan vere utfordrande både for liten og stor å løyse. Svein produserer litt tilfang på førehand slik at ein kjem i mål i løpet av kurset. Kurset blir på sløydsalen på Åheim skule.

  • Klubbrådgjeverar og andre vaksne

Vaksne velger denne, for ikkje å ta opp plassane til medlemmane. Har du spesielle  ynskje, skriv det i komentarfeltet.

 

 Lurt å ta med:

- Sovepose og liggjeunderlag

- Toalettsaker - Innesko

- Drikkeflaske – matboks

- Liten sekk

- Lommepengar

- Sko og kle til fellestur – «bygda rundt» (enkel tur)

 

Program:

Fredag 10. september

18:00                   Frammøte og innkvartering

19:00                   Offisiell opning av storkurset

19:30-20:30        Middag

20:30-21:30        Bli kjent

21:30-22:00        Vaksenleiarsamling

21:30 - 24:00      Leik og moro utan eit organisert opplegg

24:00                   Ro

Laurdag 11. september

08:00                   Felles vekking

08:30-09:30        Frukost 

10:00-12:30        Kurs

12:30-13:30        Lunsj- husk niste

13:30-16:00        Kurs

17:00-17:30        Pausemat

17:00-19:00        Fri / planlegge eventuell underhaldning.

19:00-20:00        Middag

20:00                   Underhaldning, leikar, konkurransar og sosialt

01:00                   Ro

Søndag 12. september

08:00                   Felles vekking

08:30-09:30        Frukost

09:30-10:00        Rydding og pakking

10:00-12:00        Felles tur, bygda rundt med natursti

12:30-13:30        Lunsj og heim

 

Kursreglar

Når vi er mange saman i fleire dagar må vi ha nokre reglar å rette oss etter, slik at alle kan ha det så bra som mogleg.

1. Ver ein god kamerat og vis alltid omsyn til andre.

2. Det er ikkje lov å forlate kursstaden utan løyve frå vaksenleiar.

3. Etter at det skal vere ro på sovesalane er det berre lov å opphalde seg på tilvist stad.

4. Ver presis til kursøktene og hald orden i tinga dine. Andre sine ting let vi liggje i fred. Det     gjeld    sjølvsagt også skulen sine ting.

5. All bruk av rusmiddel er sjølvsagt forbode, og vil medføre heimsending på eiga rekning.

Påmelding og pris:

Påmeldingsfristen er 29. august.  På ein del kurs er det avgrensa  plassar, desse fell vekk frå påmeldinga når dei er fulle. Påmelding gjer du på 4H Møre og Romsdal - 4h

Påmeldinga opnar 10. august 

Meir informasjon om kurset vert sendt på e-post til deg som er påmeldt seinast fredag 3. september.

Storkurset kostar:

Vanleg deltakar kr 600,- 

Vaksne kr. 400,-  (skal velge"Klubbrådgjevar og andre vaksne" ved påmelding)

Faktura blir utsendt. 

Deltakarstøtte

Økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på våre aktivitetar. Er du 26 år eller yngre kan du, din føresette eller din klubbrådgivar sende søknad om å få dekket deltagaravgifta di på dette eller andre arrangementet gjennom ”Deltagerstøtte". Les meir og send inn søknad her