Vi skal vere på BUL-hytta på Skaret i Molde kommune.

Det er ei helg med mange ulike aktivitetar og vi kan love at det blir sosialt og veldig kjekt. Vi skal besøke ein klatrepark, og vi får besøk av Røde Kors som skal lære oss nyttige ting.

Dette blir spannande, veldig kjekt og ikkje minst sosialt så BLI MED??!

 

Ta med:

  • Sovepose

  • Innesko og/eller tjukkesokkar

  • Toalettsaker

  •  Kle og sko til å vere ute i

  • Og ikkje minst godt humør? 


Det er avgrensa tall plassar, så «fystemann til mølla».

Om det skulle vere behov med skyss frå Molde så fiksar vi dette. Meir informasjon vil komme når helga nærmar seg, om det skulle vere noko ta gjerne kontakt med Hanne Mette Hatle tlf. 986 32 706. 

Vi forheld oss til nasjonale og 4H sine retningslinjer ang korona, og gjennomfører alle nødvendige tiltak for at dette skal bli ei trygg helg. Punkta nedanfor er viktig å forhalde seg til:

  • Vi har god hand og hoste hygiene
  • Er du sjuk, eller har symptom på luftvegsinfeksjon - deltek du ikkje
  • Skulle nokon få symptom under samlinga, blir desse isolert - og heimreise blir organisert
  • Om nasjonale, eller regionale råd tilsei det - må vi avlyse

Påmeldinga opnar 9. september.


Stad:                               Bul-hytta på Skaret (Molde kommune)

Oppmøte:                      Fredag   8.10. kl. 19.00

Heimreise:                    Søndag 10.10. kl. 14.30

Samlinga kostar kr. 400,- per deltakar. Faktura blir sendt etter påmeldingsfristen. Påmeldinga er bindande.


 
 
Program (her kan kome endringar)

Fredag:

19.00 Oppmøte

20.00 Kveldsmat /middag - Sosialt med konkurransar og spel

Laurdag:

09.00 Vekking

09.30 Frukost

12.00-15.00 Klatreparken -Lunsj i klatreparken

19.00 Mat og sosialt

Søndag:

08.30 Vekking

09.00 Frukost, pakking

10.00-13.00 Opplegg med Røde Kors

13.00 Rydding og vasking

14.00 Lunsj

14.30 Heimreise

Håpar at vi ser deg der??!

 Økonomien skal ikke være til hinder for å delta på våre aktiviteter. Er du 26 år eller yngre kan du, din foresatte eller din klubbrådgiver sende søknad om å få dekket deltageravgiften din på dette eller andre arrangementer gjennom ”Deltagerstøtte". Les mer og send inn søknad her.