Vi skal ver på Bul - hytta på Skaret (i Molde kommune). Her kan du treffe igjen gamle kjente, og treffe nye venner.

Samlinga er for deg som er fødd i 2005 og eldre, og er frå Møre og Romsdal.
Det blir ei helg med mange ulike aktivitetar. Vi skal både vere ut og inne, målet for helga er at alle skal lære noko nytt. Så dykk kan glede dykk til mange  kjekke og spennande aktivitetar, med fokus på å gjer ting ilag. 

Dette blir veldig artig, kjekt og ikkje minst sosialt, så BLI MED! 


Ta med:
Sovepose 
Innesko og/eller tjukkesokkar
Toalettsaker
Kle og sko til å vere ute i (her kan godt ver snøv)
Om du har ta med kompass og kartmappe
Og ikkje minst godt humør 

Det er avgrensa antall plassar, så «fystemann til mølla». Påmeldinga er bindande.

Om det skulle vere behov med skyss frå Molde eller flyplassen så fiksar vi dette.

Vi forheld oss til nasjonale og 4H sine retningslinjer ang korona, og gjennomførere alle nødvendige tiltak for at dette skal bli ei trygg helg. 

Meir informasjon vil komme når helga nærmar seg, om det skulle vere noko ta gjerne kontakt med Ragnhild S. Bjørkedal tlf. 47640341. 

Håpar at vi ser deg der!

Les om deltakarstøtte her