På regionsamlingane møtast 4H-klubbane i området til artige friluftsaktivitetar, erfaringsutveksling og informasjon frå fylkeslaget.


Klubbane vel sjølve kva samling ein vil delta på. Møta er for medlemmar og klubbrådgjevarar.
Skulle det bli veldig stor pågang må vi sette eit max tall per klubb.


Dei fleste samlingane varer frå kl. 17.30 til 20.00 og blir arrangert på naturmøteplassen til dei lokale 4H-klubbane. Etter påmelding får de e-post med eksakt adresse og klokkeslett.

 

Dato                     Klubb                     Stad/kommune
31. august           Kveldssol 4H          Mittet, Rauma
  1. september    Storm 4H                Ørsta
  2. september    Straumen 4H         Hundeidvik, Sykkylven
  3. september    Lynet 4H                 Malmefjorden
  8. september    Røsslyngen 4H       Bøfjorden, Surnadal
  9. september    Klurtolla 4H            Istad, Molde
10. september    Elvablikk 4H           Åheim, Vanylven
 

Møta er gratis. Ta på klede og sko etter vêret - møta blir ute.


Påmelding: Seinast fire dagar før møtet på e-post med namn på klubb og antal deltakarar til moreogromsdal@4h.no


”Fritt fram i friluft” er støtta av Miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.