På regionsamlingane møtast 4H-klubbane i området til artige friluftsaktivitetar, erfaringsutveksling og informasjon frå fylkeslaget.

 

Klubbane vel sjølve kva samling ein vil delta på. Møta er for medlemmar og klubbrådgjevarar. I første runde er det plass til 10 medlemmar(pluss vaksne)frå kvar klubb. Har din klubb fleire som er interessert, skriv det på påmeldinga. Så gir vi beskjed når påmeldingsfristen er ute - om der er plass til fleire.

 

  • Dei fleste samlingane varer frå kl. 17.30 til 20.00 og blir arrangert på naturmøteplassen til dei lokale 4H-klubbane.

  • Møta er gratis.

  • Ta på klede og sko etter vêret - møta blir ute.

  •  Alle tek med eiga drikke.

  • Etter påmelding får de e-post med eksakt adresse og klokkeslett.                                              

Dato

Klubb

Stad/kommune

Påmeldingsfrist

23. august

Start 4H

Todalen

18. august

24. august

Løvetann 4H

Aure

19. august

25. august

Kråkefot 4H

Åfarnes

20. august

26. august

Hustavika 4H

Skarset grendahus

21. august

1. september

Fjellreven 4H

Grodås/Volda

26. august

2. september

Mulevika 4H

Kvalsvik/Herøy

27. august


Påmelding:

  • På e-post  til moreogromsdal@4h.no.
  • Viktig at de overheld fristen, så vi kan opne opp for klubbar som ynskjer å delta med fleire enn 10.
  • Vi må ha namn og telefonnummer på alle, barn og vaksne.

 

Samlingane er støtta av:

-Logo SparebankenMøre