Gratulerer så mykje med fullført 4H-program! Vi vil no gjere stas på deg ved å invitere til plakettfest laurdag 13. februar på bygdehuset Vonheim i Malmefjorden.

 

Vi startar med ein felles middag kl 15.30 for plakettmottakarar og gjestar. Deretter vil blir det utdeling av plakettar og 4H-vitnemål. Årets klubb får òg si utmerking her.

Denne middagen er sjølvsagt gratis for alle plakettmottakarar. For foreldre, søsken og andre gjestar som er med, vil det koste kr 350,- per pers. Vi vil gjerne at dette blir betalt inn til kontonr. 3980 07 12835 i forkant av festen. 

 

Klikk på lenka under for å melde deg og dine gjestar på til plakettfesten 13. februar

TRYKK HER FOR PÅMELDING

Ber om at de som er forhindra i å møte sender beskjed til moreogromsdal@4h.no

 

Frist for påmelding: 24. januar

 

Det er vanleg at plakettmottakarane stiller i finstas/bunad på denne dagen 😊

 

Kopi av vitnemål er utsendt tidlegare, har du endringar som ikkje er gitt beskjed om så hastar det. Gje beskjed til maybritt.skjortnes@4h.no så får vi endra det før vitnemålet blir skrive ut.

 

Ein representant frå MORAL ønskjer velkommen når de kjem

Moral ser fram til å sjå deg og dine på plakettfesten der vi saman skal feire ditt 4H løp så langt, men frykt ikkje det treng ikkje å vere over endå. Du har som plakettmottakar moglegheita til å bli med på det som er artigast og kjekkast i 4H nemleg å bli alumn. Du er hjarteleg velkommen inn i Moral, vi står med opne armar for å ta deg i mot. Det viktigast av alt er at du fortsette det kjekke eventyret som 4H er. Saman med oss kan du gjere det beste lenger! 

 

 

PROGRAM FOR DAGEN:

KL. 15.30    Fest for plakettmottakarar med gjestar og representantar for årets klubb

                   Middag

                   UTDELING AV PLAKETTAR OG VITNEMÅL

                                  

                   PRESENTASJON AV ÅRETS KLUBB 2020

                                   

Seinast kl. 18.00 Heimreise

 

 

Arrangementet blir gjennomført på ein trygg måte, etter gjeldande koronareglar. Vi tek smittevern på alvor:

 

  • Har du symptom på covid 19/er sjuk kan du ikkje delta*
  • God handhygiene
  • 1 meters avstand
  • Registrering av alle som er til stades
  • Avgrensa tal deltakarar
  • Om reglane endrar seg og vi må avlyse, blir deltakaravgifta refundert

 

 

 

Hjarteleg velkommen til plakettfest i Malmefjorden 13. februar!