Takk for at du ska vere leiar på årets landsleir! Det er ein viktig jobb som gjer det mogleg at unge 4H-arar frå heile landet kan møtast til årets store 4H-begivenheit!

I år vil leirkomiteen bruke Microsoft Teams som kommunikasjonskanal ut til leiarane.

Fordelt på aktivitetane
Komiteen vil fordele leiarane på aktivitetane med eit leiaransvar for gruppa. Av den grunn får ikkje leiarane velje aktivitet sjølv.

For at leiarane skal kunne kome med ynskjer på kva aktivitet dei ynkjer, så skriv de inn i kommentarfeltet dei to aktivitetar/turar du ynskjer å delta på. Ver oppmerksam på at det ikke vil vere ein garanti at det er den du får.

Når påmeldingsfristen er ute og vi har fått alle inn på Teams, vert det lagt ut aktivitetar der som vi manglar leiar til. Då er det første-mann-til-mølla som gjeld.

Påmeldingsfrist: 5. juni.