Avlyst

Vi veit at det er mange 4H’ere som er interessert i jakt og fiske, og at enkelte har både tatt jegerprøva og hatt jakt som prosjekt i 4H, dette synest vi er kjempe spennande!

Gjennom å invitere erfarne, uerfarne og interesserte til jakt-og fiskehelg i Tafjorden ønskjer vi å bygge litt meir på dette. Her vil vi ha fokus på jaktopplevingar og mat fra vilt, der målet er å skape ei spennande helg som gir deg ein praktisk introduksjon til storviltjakt, og eit innblikk i korleis ein typisk jaktdag kan vere. Her er det plass til både dei med mykje erfaring som søker ein sosial arena å jakte på, og dei som har lite erfaring som ønskjer å sjå kva dette er.

I lag med Britt Ingunn Tafjord og Tafjord Jaktlag, får de eit innblikk i deira jakt-tradisjon og forvaltning av storvilt.  Om jaktlaget er heldige, vil det også bli rom for å delta på slakting i etterkant av jaktøkta. 

Hjort

Praktisk informasjon

Det er begrensa plass på dette arrangementet, så hiv deg rundt for å sikre deg ein plass!

- Aldersgrensa for å delta er 14 år. 
Det vil ikkje vere høve til å ta med eige våpen, men vi legg til rette for eit vidt spekter av opplevingar der deltakarane får mogelegheita til å sitte på post med erfarne jegarar eller bli med som drivar.
- Det er plass til 10 personer på jakt og fiskehelga, men det må vere minst fem for at vi skal gjennomføre. 
- Overnatting blir i Tafjorden, men vi kjem tilbake til dette når vi ser kor mange som melder seg på. 
- Jaktlaget kjem tilbake med meir informasjon om jaktstad, og pakkeliste vil bli sendt ut til deltakarane i etterkant av påmelding.
- Gruppa blir delt opp i to jaktgrupper som får mogelegheit til å delta på jakt laurdag eller søndag. Gruppa som ikkje jaktar vil få muligheten til å delta på fiske, og vi legg opp til ein liten tur og klatring på laurdagskvelden.
 

Program

Fredag 19.11

19.00 – Oppmøte og innlosjering

20.00 – Middag

21.00 – Informasjonsmøte

 

Laurdag 20.11

07.30 Frukost for dei som skal ut på jakt.

 - Lag lunsj

08.30 Avreise jakt.

08.30 Frukost for dei som skal ut på første fiskeaktivitet

- Lag lunsj

09.30 Avreise fiskeaktivitet

10.00 – 13.00 Fiskeaktivitet

15.00 Mellommåltid.

18.00 Klatring  - eventuelt slakting.

20.00 Middag

21.00 Foredrag om forvaltning og jakttradisjoner

 

Søndag 21.11

07.30 Frokost for dei som skal ut på jakt.

 -Lag lunsj

08.30 Avreise jakt.

08.30 Frokost for dei som skal ut på fiske

- Lag lunsj

09.30 Avreise fiskeaktivitet

10.00 – 13.00 Fiskeaktivitet

14.00 Felles middag.

15.00 Slakting

17.00 Avsluttning og heimreise

 

 
NB: Kort påmeldingsfrist og meir informasjon blir sendt ut til dei påmeldte. 

Ta kontakt med karianne.skotte@4h.no om du har spørsmål eller treng tilrettelegging. 

 Økonomi skal ikkje være ei hindring for å delta på 4H sine aktiviteter – alle som vil, skal være med. Det er no mogeleg å søke om deltakerstøtte for aktivitet og prosjekt.
Deltagerstøtte - 4h