For å ivareta «meteren» og smittevern, er samlinga dette året lagt til Alver hotel utafor Bergen. Regionkoordinator og organisasjonsrådgjevarar frå vest vil ivareta dykk heile helga. 

Fagleg program:

Fredagen er målet å bli kjent med kvarandre på tvers av 4H-fylka.

Laurdagen er målet å planlegge kva som skal skje i 2022 (utvida årsplan), høyre meir om mogleg fellesprosjekt på vestlandet, samt starte prosessen med å lage budsjett for 2022. De skal få arbeide mykje oppgåvebasert saman med eige styre, men også dele og hente inspirasjon frå dei andre. 

Søndagen er sett av til styremøter.  

Sosialt program:

Alle styra vil få oppgåver i forhold til det sosiale programmet. 

Tid for oppstart og avslutning:

Oppstart fredagen klokka 1830. Klokka 1300 på søndagen er det lunsj med avreise like etterpå.

Administrativt (økonomisk og i medlemsregistret) er 4H Hordaland «host» for dette arrangementet, men alle kostander blir fordelt likt mellom fylka.

Reiseplanlegging:

Reiseplanlegginga organiserer styreleiarane, men er du styremedlem – ta gjerne initiativ til dette 😊 For nokon er det aktuelt å kjøre privatbil, mens for andre er det fly som gjeld.

Du får dekka reiseutgiftene etter billegaste reisemåte, men på grunn av smittevernsituasjonen, ønsker vi at du i år bestiller billettar som er mogleg å avbestille (flexi). Sjekk alltid kva som er billegaste reisemåte. Dersom du må bryte med denne regelen (for eks. køyre privatbil i staden for å ta kollektivtrafikk), skal dette avtalast med 4H-kontoret i framkant av reisa. Hugs ungdomsbillett om du er under 26 år. Vi ønskjer i utgangspunktet at du legg ut for reisa og får pengane att når du har levert reiserekning. Blir dette vanskeleg? Ta kontakt med 4H-kontoret i fylket ditt, så finn vi ei ordning. All overnatting er dekka.

Påmelding:

Påmelding skjer via medlemsregistret innan onsdag 1. september. Det er viktig at alle melder seg på innan fristen, slik at vi får varsla hotellet. Dersom du absolutt ikkje får til å bli med, er det fint om du varslar styreleiaren din om dette så snart som mogleg.