#Velkomen til fylkesleir i Årdal i Ryfylke!
#Korleis kjem vi oss til Årdal?
#Program
#Valfrie aktivitetar (laurdag)
#Miljøtorg
#Lærerik oppleving for seniorar
#LEIRMINNE = Fylkesleirgenser
#Praktisk informasjon
#Vaksenleiarar
#Påmelding som deltakarar
#Påmelding vaksenleiar eller alumn
#Vi samarbeider med

Logoen til Fylkesleiren er teikna av Karina Fagerland Sjursen.

Velkomen til fylkesleir i Årdal i Ryfylke!

portrettbilete av leirsjefen
Velkommen til 4H fylkesleir i Årdal 24-27 juni!

Leirplassen skal være rett ved skulen og fotball banen i Årdal, her er det også ein fin badeplass.

Det blir ein masse kjekke aktiviteter sammen, og masse kjekke kurs man kan være med på! Dømer på aktiviteter er, topptur, kano, slaktekurs og masse, masse meir!
I løpet av denne helga lærer man ikkje bare ting på det kurset man er på, ein kan og treffe nye venner eller møte gamle venner. Så me håper å se deg på leiren! 

Mvh Leirsjef Niklas Vestersjø, Jerv 4H

Her kan du finne Årdal er på kartet:

Leirområdet blir ved Årdal skule 

Teltleiren vil ligge ca 50 meter frå skulen – like ved idrettbanen.

Fylkesleir 2022 er det klubbane i Hjelmeland og Strand som er vertskap for:

Hjelmen 4H (Hjelmeland), Jerv 4H (Årdal), Bygda 4H (Bjørheimsbygd).

Niklas Vestersjø frå Jerv 4H er leirsjef.

Her kjem eit bilete av Niklas

"Det beste med å være på leir er og få nye vener, treffe gamle vener og ha det kjekt saman! Når ein er på leir gjer man kjekke ting saman, det skaper samhald og nye vener som ein seinare kan treffe på ein annan leir", seier Niklas. 

Korleis kjem vi oss til Årdal?

Frå Stavanger: 
Tar 100 bussen mot Jørpeland frå Stavanger bussterminal 6 kl. 16:33. 
Går av bussen på første stopp etter Ryfast tunnelen; Solbakk bussterminal 1. 

Tar 140 bussen mot Hjelmeland frå Solbakk bussterminal 4 kl. 17:03. 
Går av bussen ved Årdal skule, ankomst ca. 17:34. 

Går også båt frå Ryfylke til Stavanger: Sjekk ruta her.
Viss ein tar båten som ankommer Stavanger Fiskepiren 16:15 (sjå side 5), kan ein hoppe på 100 bussen mot Jørpeland frå busstoppet som heiter Fiskepiren A kl 16:37. (Same buss som gjekk frå Stavanger bussterminal 16:33)  

Heimreise: 

Til Stavanger:  
Ta 140 bussen mot Solbakk frå Årdal skule kl. 11:52. 
Gå av bussen på Solbakk bussterminal og gå på 100 bussen mot Stavanger på Solbakk bussterminal 2 som går kl. 12:31. Ankomst Stavanger bussterminal 6 kl. 13:00. 

Båt frå Stavanger til Ryfylke: Sjekk ruta her

Gå av 100 Stavanger bussen på fiskepiren. Sjekk på ruta ovanfor kvifor ein båt som passar til dit du skal. (sjå side 1) 

Tema for årets leir er BÆREKRAFT

Program

Fredag 24. juni

16:30 Leirkontoret og teltleiren er open for innkvartering
19:00 Matallergikarar kan møte leirkokken dersom dei ønskjer det
19:30 Middag
20:30 Opning av Fylkesleir 2022
21:00 Tunmøte: val av tunsjef og namn på tunet
21:30 Tunsjefmøte
22:00 Vaksenleiarmøte
22:00 Miljøtorget opnar
23:00 Nattmat
24:00 Ro i teltleiren
01:00 Miljøtorg stenger

Laurdag 25. juni

08:00 Revelje
08:30 Frukost
09:00 Siste frist påmelding volleyballturnering
09:30 Morgonsamling
10:00-14:00 aktivitetar
16:30 Mat
17:15-19:15 (innleiande rundar volleyball)
19:00 Vaksenleiarmøte
19.30 Tunmøter
20:00 Middag
21:30 Diskotek med DJ Ronny Bøe
21:30 Miljøtorget opnar
23:00 Nattmat
01:00 Ro i teltleiren
01:00 Miljøtorg stenger

Søndag 26. juni

08:25 Revelje
08:30 Frukost
09:30 Morgonsamling
10:00 Flåtebygging
12:00 Lunsj
13:00 Volleyballturnering
13:00-16:00: Open 4H-leir (publikum/foreldre kan koma på besøk)
15:30 Mat
16:00-18:45 Fortetting av flåtebygging
18:00 Tunsjefmøte
18:30 Vaksenleiarmøte
19.00 Tunmøter
19:30 Middag
20:00 Flåterace
23:00 Nattmat
21.00 Miljøtorg
24:00 Ro i teltleiren
01.00 Miljøtorg stenger. Frivillig døgning for deg som er 15 år eller eldre.

Måndag 27. juni

08:30 Revelje
09:00 Frukost
10:00 Morgonsamling og premieutdeling for volleyball og div. andre konkurranser
11:00 Pakking/rydding av tun
11:30 Ha det bra! Heimreis

Valfrie aktivitetar (laurdag)

Laurdagen kan du velje mellom å delta på:

a) Leirbuksemaling -FULLBOOKA
Mal og pynt leirbuksa di saman med Janne Sjursen.
Maks 12 deltakarar. 

b) Slakting -FULLBOOKA
Maks 12 deltakarar. 

c) Motorsag
Er du over 15 år kan du på denne aktiviteten få lære meir om bruk av motorsag. Er du under 15 år får du lære korleis ein skal vedlikehalde saga. Ta gjerne med eiga sag.
Maks 10 deltakarar               

d) Freesbeegolf  -FULLBOOKA  
Maks 10 deltakarar.            

e) Fiske og fangst   
Maks 12 deltakarar.              

f) Sjokolade -FULLBOOKA
Lag flotte og smakfulle godsaker med Marta som har Sjokoladeriet på Instagram.
Maks 12 deltakar. Tilleggsavgift kr 100                 

g) Golfsimulator     
Prøv deg på å spele golf i simulator. Simulatoren blir brukt av golfarar på vinteren. Ekstra aktivietet mens du venter på tur. 
Maks 8 deltakarar.    

h) Førstehjelp         
Karianna Laugaland lærer deg livreddande førstehjelp. 
Maks 12 deltakarar.       

i) Kanotur  -FULLBOOKA  
Kanotur på Riskedalsvatnet, kanskje blir lunsj i lavoen på andre sida?
Maks 15 deltakarar.          

j) Vedlikehald av traktor
Maks 8 deltakarar. 

k) Tur til Tofjell
Tur til Tofjell 722 moh Flott utsikt over Årdal og Ryfylkebassenget.

l) Kreativ aktivitet      
Lag din eigen glaskunst. Workshop med Astri Vadla Ravnås i Glasskjellaren i Bjørheimsbygd.    Maks 15 deltakarar. Tilleggsavgift kr 200. 

Obs! Alle deltakarar vel ein aktivitet ved påmelding. Det er ikkje mogleg å bytte aktivitet.

Miljøtorg

Ungdom som er eldre enn medlemsalder, men vil vere aktive 4H-arar, kaller vi «alumn». Ein kan vere alumn i eigen klubb eller i «alumnklubben» i fylket. I Rogaland heiter denne klubben Rogalands aktive 4H-alumner (RAA). Ein gjeng fantastiske ungdomar som mellom anna hjelper til på fylkesarrangementa.

Miljøtorg er ein stad kor alumnane inviterer til å «henge» og vere sosiale. Her kan du spele brettspel eller delta på aktivitet i regi av alumnane.

Lærerik Oppleving for Seniorar 

Viss du er senior kan du vera med på ei heilt eigen oppleving ein av kveldane, kun for seniorar. Kva du skal oppleva er hemmeleg, men me lovar at det vert både kjekt og koseleg. 

LEIRMINNE = Fylkesleirgenser

Som leirminne får alle deltakarane ein fin hettegenser med fylkesleiren sin logo på framsida og samarbeidspartnarane sine logoar på baksida.

Praktisk informasjon

Alle som er født i 2010 eller før kan delta på Fylkesleir. For å melde deg på må du først melde deg inn som medlem i 4H. Sjekk ulike medlemskap (link: https://4h.no/blimed/).

På leir overnattar alle i eigne telt. Avtal med dei andre i 4H-klubben din om deling av telt. Teltleiren er delt inn i tun. Eit tun vel ein tunsjef og kan delta i konkurransar og volleyballturnering. Det er ikkje lov bruke eld i teltleiren.

Alle deltakarar og vaksenleiarar får servert felles mat. Dersom du er allergisk mot noko, skal vi be kjøkkenet legge til rette for eigen mat til deg. Hugs å melde frå i påmeldingsskjemaet.

Vaksenleiarar

4H-klubbane har ansvar for at alle deltakarane har ein vaksenleiar. Ein vaksenleiar skal ikkje ha ansvar for meir enn 10 deltakarar. Dersom det er vanskeleg å få på plass vaksenleiarar nok, kan 4H-kontoret formidle kontakt med klubbar de kan samarbeide med.

Sjå eige påmeldingsskjema for vaksenleiar/alumn.

Påmelding som deltakarar

Deltaking på Fylkesleir koster kr 750 pr person. Dette dekker både aktivitetar, leirminne og mat. Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av leiren etter at påmeldingsfristen er over (10. mai), må du likevel betale deltakaravgift.

Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende ein epost til rogaland@4h.no.

For å melde deg på leiren må du finne fram medlemsnummeret ditt. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord».

Betaling for leiren 

Ved påmelding vil du i år få 2 val: anten betale med bankkort/VIPPS eller få tilsendt faktura.
Faktura-alternativet er for deltakarane som får leiren sponsa av klubben sin. Når du får fakturaen, sender du den då vidare til klubben sin kasserar. Faktura blir sendt ut (og lagt tilgjengeleg på "min side") så snart vi klarer etter påmeldingsfristen er ute den 10. mai. . Fakturaen skal betalast før leiren startar. 

Påmelding vaksenleiar eller alumn

Det kostar ingenting å delta på Fylkesleir for deg som tar på deg dugnadsoppgåva som leiar eller alumn. Sjå eige arrangement på nettsida vår for påmelding. 

Sjå eige påmeldingsskjema for vaksenleiar/alumn.

Dersom du er vaksenleiar utan verv i 4H (for eks. som klubbrådgjevar), har du ikkje medlemsnummer. Dersom dette er tilfelle, må du nytte skjemaet under her. Kontoret tek kontakt for meir informasjon. 

 

Treng du økonomisk støtte?

Les om deltakerstøtte frå 4H

 

Vi samarbeider med:

Ryfylkefondet

sponsorlogo logo  logo hjelmeland bygg as

logo 

logo

logo

logo

logo hjelmeland sparebank

logo rogaland fylkeskommune

Logo for Stangeland Maskin

 

I tillegg har vi faste samarbeidspartar gjennom året.