- Pris: Kr 0,-
- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Teams
- (heldags)
Organisasjon
På fylkesårsmøtet kan 4H-klubbane møte med to representantar med røysterett. Dei er med og bestemmer kva som skal skje i 4H Møre og Romsdal det neste året.
På fylkesårsmøtet kan 4H-klubbane møte med to representantar med røysterett. Dei er med og bestemmer kva som skal skje i 4H Møre og Romsdal det neste året.
Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Møre og Romsdal
4H Møre og Romsdal kallar med dette inn til årsmøtet 2021. Årsmøtet vert digitalt , søndag den 14. februar kl. 10.00.
Årsmøtet er sett saman av:
2 representantar frå kvar klubb
2 representantar frå 4H-alumnane i fylket
1 representant frå fylkesleddet til kvar medlemsorganisasjon
Fylkesstyret
Sakliste:
Sak 1. Opning
Sak 2. Opprop
Sak 3. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 4. Val av referentar og teljekorps
Sak 5. Val av 2 representantar til å skrive under årsmøteprotokollen
Sak 6. Møtereglar (forretningsorden)
Sak 7. Årsmelding for 2020
Sak 8. Rekneskap for 2020
Sak 9. Handlingsplan for 2021 og 2022
Sak 10. a. Årsplan 2021
b. Årsplan 2022
Sak 11. Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret
Sak 12. a. Revidert budsjett for 2021
b. Budsjett for 2022-2023
Sak 13. Tilsetjing av revisor
Sak 14. Innkomne saker
Sak 15. Val
Praktisk informasjon:
Lenka til møtet vil vere open frå klokka 0900 for registrering og tilkopling.
Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli lunsjpause under møtet.
Pris:
Ingen kostnad.
Førebuing til årsmøte:
Vi inviterer til opplæring og førebuing til årsmøte tysdag 9. februar. Sjå eige arrangement på 4h.no/more-og-romsdal. Ingen påmelding.
Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida
https://4h.no/more-og-romsdal/. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord, og hak av for om du ynskjer å få tilsendt årsmøtepapira i posten, alle får dei på e-post.
Påmeldingsfristen er 5. februar.
Sakspapira vert sendt lagt ut på heimesida seinast to veker før årsmøtet. I tillegg vert dei sendt ut til påmeldte.