Du treng eiga datamaskin, og vert invitert til kurset via Teams.

Kort om dei ulike kursa: 

Leiar / nestleiar: Lær å leie klubben, om styret si rolle, om samarbeid, om det å ta ordet og morosame leikar som de kan bruke på møte i 4H-klubben.

Kasserar: Lær å føre rekneskap og kassabok for klubben, om budsjett og litt om kor ein kan søkje pengar.

Sekretær: Lær å skrive referat og møtebok, om informasjonsarbeid og styrearbeidet.

Styremedlem: Her lærer du om styreverva, samarbeid, styret sine oppgåver og kjekke aktivitetar.

Korleis melder du deg på?

Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida 4h.no. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.

Hugs å melde deg på det delkurset du skal delta på (leiar/nestleiar, sekretær, kasserar, styremedlem). 

Manglar du passord?
Om du manglar passord kan du be om å få dette tilsendt på e-post. 
Du må ha e-post adresse registrert i medlemsregisteret. Manglar du dette kan du be ein i klubbstyret eller 4H-kontoret om å legge adressa inn for deg.

Meir informasjon kjem

Vi vil sende ut meir informasjon til alle påmelde på e-post, samt oppdatere her på nettsida. I denne informasjonen vil du også finne lenke som du skal klikke på for å bli med på kurs. 

Vi kjem til å nytte Microsoft Teams. Du treng ingen app eller program for å delta. Berre ein datamaskin med mikrofon og kamera. 

 

Pris  Kr 500,- per klubb, klubben vil få tilsendt faktura.