Kva betyr det at aktivitetshelga møter innspelsmøte?

  • Gratis surfekurs
  • Gratis opphald
  • Moglegheit for å få dekka reisekostnadar opp til 1000 kr!
  • Oppå alt dette får du moglegheit til å være med å bestemma/kome med innspel til korleis du ynskjer at alumntilbodet skal vera framover!

Meir fantastisk blir det ikkje!

Har du lyst å møta venner du ikkje har sitt på evigheiter? Då må du bli med på ei heidundrande aktivitetshelg med N4HA! Helga går føre seg på idylliske Borestranda på Jæren i Rogaland.

Det blir kurs i surfing med erfarne instruktørar, overnatting på nydelige Boretunet, innspelsmøte og sist men ikkje minst, tidenes miljøtorg på kveldstid! Me har surfeutstyret tilgjengelig heile helga, og frykt ikkje, våtdrakt blir delt ut så kulden er ikkje noko problem!  Så det er berre til å surfa så mykje du orkar. Om været tillater det blir det laga til bål på stranda for grilling og kos. 

På innspelsmøtet har DU moglegheit å bestemma korleis alumntilbodet skal vera framover.  Det skal bli snakka om korleis me kan forbetra og utvikla både miljøet og tilbodet som er til alumnane i dag. I forbindelse med innspelsmøtet er det ein spørjeundersøking der 5 heldige som har svart på undersøkinga vinn eit stormkjøkken og ein alumngensar kvar.

Ein ting du kanskje sit og lurar på nå er, korleis kjem eg meg til Jæren. Frykt ikkje. Å kome seg til Bore er lett, det er både gode fly- og tog moglegheiter. Nærmaste flyplass er Sola (Stavanger Lufthavn), denne ligg ca. 15 min frå Boretunet. Nærmaste togstasjon er Klepp Stasjon, denne ligg også ca. 15 min frå Boretunet. Frå flyplassen og togstasjonen vil det bli moglegheit for å bli henta.

Me håpar å sjå deg 19.-21.november til ein ugløymeleg aktivitetshelg!


Surfekurset er en del av friluftslivprosjektet «Leik og lær i naturen», som støttes av Miljødirektoratet og Kulturdepartementet.