
Volleyballspilling i hall
Er det ønskje om at 4H Hordaland skal tilby volleyballtrening for 4H-medlemmene i Hordaland?
Da fylkesstyret var på distriktsmøte på Voss, kom det eit ønskje om volleyballtrening/ volleyballopplæring. Nå vurderer 4H Hordaland om dei skal tilby ein kurskveld til enkeltklubbar/ distrikter, der medlemmene får opplæring i dømming og speling av volleyball.
Fylkesstyret ønskjer å få ein oversikt over om dette er eit behov. Kor mange og kva for klubbar har eit ønskje om eit slikt tilbod.
Viss dette kan være noko for din klubb, kontakt Turid på 4H-kontoret innan 10. september.
Mail: Hordaland@4h.no
Mobil: 970 98941