Kvart år brukar Landkreditt Bank å sponse med volleyballar til alle klubbar som deltar på fylkesleir.

Ettersom fylkesleiren i Hordaland i år vart avlyst, søkte vi om at alle klubbane i 4H Hordaland skulle få ein volleyball kvar for å skape aktivitet i lokalmiljøet. Det var Landkreditt Bank veldig positive til, så nå har vi fått tilsendt 35 volleyballar.

Vi håpar volleyballane blir brukt og skaper mykje glede i løpet av sommaren.

Send oss bilete av volleyballen på tur eller volleyballspeling, så kan vi dele dei på nett og sende til Landkreditt Bank som takk for støtten.

Turid på 4H-kontoret( Turid.herland@4h.no)