I 2019 fekk fire heldige klubbar gjennomført friluftskurs for medlemmar og tillitsvalde. Kursa var både lærerike og inspirerande både for store og små. I 2019 var tema «Matlaging på bål». For 2020 er tema endå ikkje avklart, men orientering, enkel førstehjelp eller «korleis finne den perfekte leirplassen» er tema som kan være aktuelle. Kurset varar ca. 2-3 timar.

Skulle dette ver av interesse, send gjerne ein e-post til britt-ingunn.walle@4h.no innan 1. desember 2019. Skriv gjerne forslag til tema, og korleis eit friluftskurs vil bidra til din lokale klubb.

Britt Ingunn på fjelltur

Eit nytt ansikt har tatt over stillinga til Tore Ulvund - Nyansatt prosjektleiar for «Draumeplassen» og «Fritt fram i friluft», velkommen til Britt Ingunn Tafjord Walle.

Den 14.10.19 tredde Britt inn i stillinga til Tore  Ulvund som prosjektleiar på «Fritt fram i friluft» og «Draumeplassen». Britt er frå Tafjord på Sunnmøre, og har nettopp flytta heim etter ti år i hovudstaden. Dei siste seks åra har ho jobba i DNT Oslo og Omegn som turveileiar og ansvarleg koordinator i DNT Fjellsport Oslo. Dersom ho ikkje er på jobb so er ho å treffe ein plass i naturen på ski, til fots eller på jakt.  Ho har ein enorm lidenskap og erfaring fra norsk friluftsliv og organisasjonsarbeid, og ho gleda seg til å bli betre kjent med 4H.