Det vil verte fleire ulike arbeidsoppgåver og det trengs frivillige til det meste. Nøyaktig kva som skal gjerast dei ulike dagane er ikkje klart, men vi kjem iallfall til å trenge hjelp til bl. anna underhaldning, logistikk, matservering og rydding, men andre oppgåver kan òg dukke opp.

Alle som vil bidra er velkomne å melde seg, men vi ønskjer felles påmelding frå klubbane som skal overnatte i frivilligcampen.

Leirkomiteen ønskjer nemleg at flest mogleg av 4H-medlemmane i fylket skal få oppleve landsleiren. Derfor er alle 4H-klubbane inviterte til å delta med frivillige eit døgn eller to. Vi legg opp slik at medlemmane og andre frå 4H-klubben kan komme og jobbe ein ettermiddag og ein formiddag. For natta i mellom blir det overnatting i eigen teltleir.

Eventuelle spørsmål kan sendast til hovudkomitèen v/frivilligkoordinator Tone Ødegård, tone_margaret@yahoo.no