I år kjem det ein gutt på 16 år frå Rockford, Illinois og ei jente på 26 frå Sveits til Møre og Romsdal.

IFYE-Utveksling: Dette skriv ho om seg sjølv.

Nina

Eg er oppvaksen på gard, der far er bonde og mor er gartner. Eg har ein yngre bror, og ei yngre søster. 

På garden har vi 30 kyr, 120 griser og omlag 6000 høner. På garden hjelper eg til med det meste. Eg liker godt å kjøre traktor, melke kyr og vere med på hausting.

Ellers bruker eg fritida mi til skigåing, klatring, fjellturer, volleyball, sport, reising, sying, matlaging, baking, Landjugend Worblental, Demoteam Rookies, Skiclub Hausenmoos og takker ikkje nei til nye utfordringar.

I Noreg ønskjer eg å bli kjent med nye folk og få eit innblikk i den norske kulturet. Eg ønskjer derfor å sjå gardsbruk og dyreliv som er litt ulikt vår, oppleve norsk natur og smake tradisjonell norsk mat. 

Eg gleder meg veldig til turen, og ser fram til å møte mine vertsfamiliar!

 

USA-Utveksling : Dette skriv han om seg sjølv.

campbell

Hei!
Eg er 16 år gammel, og har to eldre søsken. Vi har ein hund og to katter. Mi mor og mine søstre har alle deltat i 4-H utvekslingsprogram. Alle i familien - far, mor og søstre har reist internasjonalt, og vi har vore vertskap for ungdom fra andre land.

Eg liker å sjå på sport, spesielt basketball og fotball. Eg speler tennis på skulelaget mitt. Eg liker å reise, både nasjonalt og internasjonalt. Eg liker også å gå på tur i nasjonale parker og reise til storbyar som Chicago og Saint Louis for å oppleve og utforske områda. 

Ellers bruker eg mykje tid med venner, og liker godt det å møte nye folk og skape nye vennskap. 

Når eg er på besøk med min vertsfamilie, har eg veldig lyst til å møte deira slektningar, utforske nærmiljøet, gå på tur, delta på sportslege tilstelningar, besøke byer og ulike lokalmiljø. Eg høyrer også mykje på musikk, og hadde likt godt det å få oppleve den norske musikkulturen. 

Men mest av alt, så ønskjer eg med denne utvekslinga å lære korleis folk i Noreg lev deira liv, og kva dei gjer for å ha det gøy. 
 

Her treng vi deg!

Det å vere ein vertfamilie er ei spennande oppleving. Både du og dei, får innsikt i ein ny kultur.

De som vertsfamilie får ei viktig oppgåve fordi du er med på å forme opphaldet for den som kjem, og gje eit bilde av kvardagen i Noreg. Du får mogelegheit til å vise fram lokalmiljøet der du bur, og du blir til gjengjeld kjent med deira språk og kultur. 

Vi vil veldig gjerne ha oversikt over kven i Møre og Romsdal som er interessert i besøk frå utlandet. Vi håper derfor at du vil fylle ut   dette skjema   slik at vi kan ta kontakt med deg for å fortelje deg meir om programmet og delegatane.

Registreringa her er uforpliktande. Du får då meir informasjon, som gjer at du kan ta ein avgjerelse på om dette er noko du ønskjer eller ikkje.

 

Det å vere ein god vertsfamilie

  • Varm og imøtekommande
  • Behandle delgaten som ein del av familien ved å vere omsorgsfull, inkluderande og trygg vaksen.
  • Sørge for at primære behova er dekt.
  • Sørge for at deligaten har tilgang til eiga seng. Om delegat må dele rom - skal det vere med vertssøsken av samme kjønn.
  • Ingen i familien skal ha kriminell bakgrunn, og sørge for å ha ein nokonlunde rein heim.
  • Du ser gleden i frivillig arbeid, og ønskjer å opne din heim for nokon som ønskjer å vere ein del av din familie og din kvardag.

 

Praktisk infomasjon om USA-utveksling

  • Amerikanske ungdom kjem til vertsfamilien den 26.juni og bur her fram til 21.juli.
  • Amerikanarne har debrief i Oslo innen heimreise 22.juli.
  • 08.mai er frist for å levere inn vertsfamilieskjema til 4H Møre og Romsdal.
  • Vertsfamilie skal sjølv ha ungdom i alderen 13-19 år.
  • Det er ingen allergier eller matpreferanser å ta hensyn til
  • 4H Møre og Romsdal legg ut for billetter t/r vertsfamilie (her avtaler vi tid/sted og billigste reisemåte).
  • 4H Norge betaler for reisa.

 

Praktisk informasjon om IFYE-utveksling

  • IFYE-delegat kjem til vertsfamilien den 26.juni og bur i Møre og Romsdal fram til omlag 05.august, ho reiser då vidare til Hedmark.
  • IFYE-utvekslingane har gjerne 2-3 familiar. Her er det vanlig med to-fire veker pr. familie, men vi er fleksible alt etter kva de ønskjer og har kapasitet til. 
  • Ho snakker godt tysk, greit engelsk og litt fransk.
  • 4H Møre og Romsdal legg ut for billetter til den første vertsfamilien (her avtaler vi tid/sted og billigste reisemåte).
  • 4H Norge betaler for reisa.